MGL5-10NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap

Emnekode: 
MGL5-10NO2B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10NO1A Norsk 1A: Norsk på mellomsteget
MGL5-10NO1B Norsk 1B: Norsk på ungdomssteget
MGL5-10NO2A Norsk 2A: Litteratur, kultur og danning
Om emnet

I norsk 2B står samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid sentralt. Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i korleis språket har utvikla seg og framleis utviklar seg. Vidare vert arbeid med språkleg mangfald, språkleg variasjon og normering vektlagt i emnet. Andre emne er fleirspråkleg didaktikk, nabospråksforståing og nabospråksdidaktikk. Studentane går også djupare inn i skrivedidaktikk med særleg vekt på argumenterande skriving og vurdering. 

I tillegg skal studentane arbeide med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei utvida forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.  

På norsk 2B-emnet ligg også FoU-oppgåva. FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt og empirisk retta forskingsarbeid i kombinasjon mellom eitt valt undervisningsfag og Pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Sjå eigen emneplan for FoU-oppgåva.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har brei kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål  
  • har brei kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om nabospråk og nordisk tekstkultur 
  • har brei kunnskap om skriving og skrivedidaktikk 
     
     
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om didaktikk for å undervise fleirspråklege elevar 
  • har kunnskap om språkhistorie og dialektar og kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer 
  • kan bruke relevante vitskapsteoretiske metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den andre lese- og skriveopplæringa
  • kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar  
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule
  • kan vise faglig engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
  • forheld seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar

For dei som vel å skrive FoU-oppgåve med tema frå norsk: FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt og empirisk retta forskingsarbeid i kombinasjon mellom norsk og pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Sjå eigen emneplan for FoU-oppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 

Arbeidskrav:

  1. Eit munnleg arbeidskrav knytt til fleirspråkleg opplæring. Arbeidskravet er tverrfagleg med PEL.
  2. Ei vekes opphald på Schæffergaarden i Danmark med kurs i norsk, svensk, dansk språk og litteratur i lærarutdanninga i regi av Fondet for Dansk-Norsk samarbejde. Dersom ein ikkje har høve til å delta på kurset, får studenten eit skriftleg arbeidskrav på inntil 1000 ord (+/- 10%) på bokmål om nabospråk og nabospråksdidaktikk. Det vert elles gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen. 
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Marit-Lovise Brekke
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakterMunnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (15 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (25 min). Studenten må vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Munnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (15 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (25 min). Studenten må vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista.
Hjelpemidler:
Omfang: