MGL5-10EN2B Engelsk 2B

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
MGL5-10EN2B
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10EN1A Engelsk 1A
MGL5-10EN1B Engelsk 1B
Om emnet

Emnet Engelsk 2B utfyller perspektiva i Engelsk 2A på ulike måtar. Fokuset ligg framleis på eleven og engelsklæraren sitt møte med eleven, med noko meir vekt på spesifikke problem hjå einskildelevar og oppfølging av desse: tilpassa opplæring med læringsaktivitetar og arbeidsmåtar som kan nyttast i samband med dette er såleis framleis eit viktig element. Praksis vil også i tredje året ligge på ungdomstrinnet.

Emnet omfattar kunnskap om heilskaplege språkstrukturar i engelsk, med særleg vekt på munnleg kommunikasjon, og utvikling av eiga språkferdigheit, litteratur- og tekstkompetanse. Vi vil framleis arbeide med spørsmål kring språkets kulturelle forankring, men no med fokus på ulike notidige variantar av engelsk og engelsk som lingua franca. Emnet omfattar litterære- og ikkje-litterære tekstar og andre kulturelle uttrykk som gjev vidare perspektiv på globaliseringa av den engelskspråklege kulturen frå slutten av 1700-talet fram til det 21. hundreåret. Desse skal medverke både til personleg og fagleg vekst, og vere til bruk i undervisninga på mellom- og ungdomssteget.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har meir djuptgåande kunnskap om barn og unge si språklæring i eit 2. og 3.- språksperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • har meir djuptgåande kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven, med særleg fokus på tilpassing til elevar med spesifikke problem
  • har kunnskap om diskusjon og vurderingar kring val av læremiddel og andre opplæringsressursar, mellom anna digitale ressursar:
  • har kunnskap om læringsvideo, både i undervisinga og som verktøy i skulen, og varierte vurderingsformer og former for rettleiing
  • har kunnskap om engelsk språkbruk på Internett
  • har kunnskap om engelske språklege strukturar med vekt på munnleg kommunikasjon, bruk av talerytme og intonasjon, og om skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
  • har kunnskap om notidige variantar av engelsk og engelsk som eit internasjonalt lingua franca
  • har kunnskap om samfunnsutviklinga i den engelskspråklege verda frå slutten av 1700-talet, med vekt på danninga av ein global engelskspråkleg kultur
  • har kjennskap til eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå denne perioden, i original form og i moderne versjonar, og til moderne kunstuttrykk som omhandlar den same perioden, til både personleg vekst og undervisingsbruk
  • har kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske spørsmål innanfor utdanningsforsking
  • har kunnskap om temaet som den einskilde har fordjupa seg i i FOU-oppgåva
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke engelsk godt munnleg og skriftleg tilpassa ulike målgrupper, sjangrar og situasjonar med sammenheng, flyt og presisjon. Emnet legg vekt på munnleg språkferdigheit
  • kan legge til rette for og leie eit trygt heilskapleg læringsmiljø som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar
  • kan kritisk vurdere og velje mellom eit vidt spektrum av læremiddel, mellom anna digitale, for m.a. å tilpasse opplæringa til kvar einskilt elev
  • kan bruke undervegs- og sluttvurdering for å rettleie elevar i deira utvikling, med bruk av varierte, digitale vurderings- og rettleiingsverktøy
  • kan bruke kunnskap om engelsk språksystem, og språkbruk på Internett, til å justere eigen språkbruk og for å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane, med vekt på det munnlege
  • kan identifisere og analysere sentrale trekk ved utviklinga i engelskspråklege samfunn frå slutten av 1700-talet fram til det 21. hundreåret med vekt på danninga av ein global engelskspråkleg kultur
  • kan tolke litterære tekstar og kunstformer frå eller om perioden og kan bruke litteratur og kulturuttrykk frå eller om perioden i klasserommet
  • har tileigna seg dugleik i akademisk skriving
  • kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff 
Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over eiga læring og praksis når det gjeld etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske og digitale kompetanse
  • kan vise faglig engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
  • forheld seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi HVO sine digitale læringsressursar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

 Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar

Arbeidskrav:

  • Ei kort språkprøve
  • Ein 20 minutts munnleg presentasjon (med IKT-støtte) over eit tema vald i samråd med faglærar, etterfølgt av spørsmål frå resten av klassen
  • Ei skriftleg oppgåve på 1200-1500 ord over eit tema vald i samråd med faglærar

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Svenn-Arve Myklebost
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen--A-F, der A er best og E er siste ståkarakterTillate hjelpemidel: Notatar frå førebuingsprosessen Munnleg eksamen varar opp til ein halv time. Studentane får kjennskap til tema ei veke før eksamen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:-
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Tillate hjelpemidel: Notatar frå førebuingsprosessen
Omfang: Munnleg eksamen varar opp til ein halv time. Studentane får kjennskap til tema ei veke før eksamen.