MGL1-7SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning

Emnekode: 
MGL1-7SP2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Special education 2: Learning difficulties and special edication
Emnenavn på bokmål: 
Spesialpedagogikk 2: Lærevansker og spesialundervisning
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga, 1.-7- trinn, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, 15 studiepoeng.

Emnet gir ei innføring i utfordringane og tilbodet til elevane som har behov for spesialundervisning, med vekt på begynnaropplæring og mellomtrinn. Det supplerer dermed det første emnet i studiet, som tek opp spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen. Dei mest konkrete utfordringane i spesialpedagogisk verksemd i skulen gjeld elevane som har vanskar med å lære. Dette emnet tek opp kva som kan skape lærevanskar, korleis lærevanskar kjem til syne, kva følgjer lærevanskar kan ha, og korleis møte lærevanskar både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga i skulen. Det er dei vanlegaste utfordringane knytt til fagleg og sosial læring og utvikling i skulen som vert belyst i dette emnet. Det dreiar seg om psykisk helse, språk-, lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar, åtferdsutfordringar og sosiale og emosjonelle behov. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har 

  • kunnskap om lærevanskar knytt til språk, lesing, skriving, matematikk, åtferd, sosialt samspel og psykisk helse
  • brei kunnskap om måtar å møte lærevanskane på i skulen
  • inngåande kunnskap om kva tidleg innsats og systematisk arbeid kan ha å seie for elevar med lærevanskar
Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere og forstå moglege årsaker til elevar sine lærevanskar
  • planlegge og gjennomføre undervisning for elevar med lærevanskar
  • bruke forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
  • formulere og drøfte faglege problemstillingar på ein kvalifisert måte, munnleg og skriftleg
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i korleis ein kan legge til rette læringsmiljøet for elevar med lærevanskar på 1.-7. trinn
  • kan meistre ulike teoretiske og forskingsbaserte perspektiv på lærevanskar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsundervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav: 

  • Studentane skal presentere og drøfte utkast til teoretisk refleksjonstekst med medstudentar på munnlege seminar.
  • Studentane skal kommentere minst eit utkast til teoretisk refleksjonstekst frå medstudent.
  • Studentane skal levere ei teoretisk refleksjonstekst på 2000 ord
Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Iselin Vatnehol
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ingen
Godkjent av: 
Arne Myklebust