MGL1-7NA1B Naturfag 1B: Biologi, geofag og fagdidaktikk

Emnekode: 
MGL1-7NA1B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Natural Sciences 1B: Biology, earth science and didactics
Emnenavn på bokmål: 
Naturfag 1B: Biologi, geofag og fagdidaktikk
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Undervisninga i MGL1-7NA1B, saman med MGL1-7NA1A, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 1.-7. steg (jf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.- 7. trinn). 

Emnet tek for seg tema i biologi, geofag og fagdidaktikk. Anatomi, fysiologi, økologi, berekraft og landformande prosessar er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for omgrepsutvikling og grunnleggande ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for oppdagarglede, undring og naturglede, samt utvikle elevane sitt naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag 
  • kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning 
  • kunnskap om anatomi og fysiologi hjå plantar og dyr  
  • kunnskap om bygnad og funksjon til nokre sentrale organsystem hjå mennesket og korleis dei blir påverka av livsstil og helse 
  • kunnskap om økologi, berekraft og miljø- og klimautfordringar, samt korleis undervise desse tema gjennom tverrfagleg undervisning og ved bruk av læringsaktivitetar inne og ute 
  • kunnskap om ulike naturtypar og biologisk mangfald, samt kunne namnsette og ha kunnskap om artar tilpassa norsk natur 
  • kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis desse har vore med på å forme landskapet 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 1.-7. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på grunnleggande ferdigheiter og nødvendige basisferdigheiter som trengs for å jobbe utforskande 
  • gjennomføre praktisk undervisning i biologi og geofag inne og ute med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy 
  • gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag 
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag 
  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag  som utgangspunkt for naturfagundervisning 
  • kan legge til rette for overgangen frå barnehage til grunnskulen og frå barnetrinn til ungdomstrinn  
  • kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar 
  • forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet er organisert i form av førelesingar, digitale økter, oppgåveløysing og praktisk arbeid i laboratorium og i felt. Nærmare informasjon om organisering av emnet vert gjeve i semesterplanen. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6

Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:

  1. Bestå to digitale artsprøvar basert på ei liste på 150 pensumartar
  2. Levere ein fagartikkel inkludert medstudentvurdering
  3. Levere samlerapport frå laboratoriearbeid
  4. Utvikle eit undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving
  5. Munnleg rapportering frå feltarbeid

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas. 

Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet. 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Carlos Magnusson
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
1. Fagartikkel
2. Utvikling av eit undervisnings-opplegg med individuell didaktisk grunngjeving
Munnleg eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Ingen
Godkjent av: 
Arne Myklebust