MGL1-7NO3C Lese- og skrivekunne

Emnekode: 
MGL1-7NO3C
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap, litteratur og FoU-oppgåva
Om emnet

Emnet vektlegg forsking på den første lese- og skriveopplæringa, språkutvikling og lesing og skriving som grunnleggjande kompetansar i eit begynnarperspektiv. Vidare tek studiet for seg ulike perspektiv på literacy-omgrepet, eller lese- og skrivekunne, og korleis ein kan utvikle engasjement og kritisk tenking for ulike elevgrupper frå 1.-7. klasse. Sentrale studiefelt vil vere literacy-omgrepet, lese- og skrivekunne på bokmål og nynorsk, arbeid med multiple tekstar, leseforståing, lesestrategiar og munnleg kompetanse.
 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert profesjonsretta kunnskap i norskfaget om literacy og lesing og skriving som læringsreiskapar i norskfaget på barnesteget
  • har inngåande kunnskap om utvikling av munnleg kompetanse i byrjaropplæringa
  • har inngåande kunnskap om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i byrjaropplæringa i eit mangfaldig klasserom
  • har inngåande kunnskap om lesing og skriving som heilskapleg kompetanse: nynorsk og bokmål, hovudmål og sidemål.
  • har kunnskap om varierte arbeidsmetodar og korleis differensiering og tett oppfølging kan medverke til god læring
  • kan utvikle kunnskap om korleis elevar handsamar ulike kjelder kritisk på internett og ulike medium for å fremje djupnelæring
  • har forskingsbasert kunnskap om lesing og skriving i eit multimodalt perspektiv
Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle, gjennomføre og evaluere fagleg forankra og forskingsbasert opplæring innan lese- og skriveopplæringa, med vektlegging av begynnaropplæringa og mellomsteget
  • kan rettleie ulike elevgrupper i lesing og skriving, og vurdere kompetansen deira
  • kan vurdere kjelder kritisk, og bruk av ulike kartleggingsverktøy, testar og prøver i lesing og skriving
  • kan vurdere digitale uttrykk og ressursar kritisk og bruke dei didaktisk i begynnaropplæringa
Generell kompetanse

Studenten

  • Beherskar uttrykksformene til norskfaget og kan formidle fagleg avansert forskings- og utviklingsarbeid til ulike målgrupper
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det vil bli munnlege presentasjonar og vurdering av tekst.
 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Førebuing til og gjennomføring munnleg presentasjon på 15 min. av ein sjølvvald artikkel frå litteraturlista. Studenten skal presentere og reflektere over denne i lys av eigen praksis og/eller anna faglitteratur. Det skal også leverast ein skriftleg tekst i form av støtteark eller ein Powerpoint som støtte til den munnlege presentasjonen som også blir vurdert til stått/ikkje stått.
  2. I tillegg skal studenten vere opponent til ein medstudent sin presentasjon og kommentere og reflektere kritisk konstruktivt gjennom munnleg og skriftleg respons. Det vil bli gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Wenke Mork Rogne
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell2VekerA-F, der A er best og E er siste ståkarakterSkriftleg heimeoppgåva på om lag 4000 ord (+-10%). Alle skal skrive på nynorskAlle. 4000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:2
Varighetstype:Veker
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Skriftleg heimeoppgåva på om lag 4000 ord (+-10%). Alle skal skrive på nynorsk
Hjelpemidler:Alle.
Omfang: 4000 ord
Godkjent av: 
Arne Myklebust