MGL1-7NO3A Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk

Emnekode: 
MGL1-7NO3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap, litteratur og FoU-oppgåva
Om emnet

Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg emne som gir studentar teoretisk og empirisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen gir. Det faglege innhaldet er konsentrert om teoretisk og forskingsbasert kunnskap om fleirspråklegheit, kulturelt mangfald og andrespråksdidaktikk, med vekt på analyse og diskusjon av inkluderande og tilpassa pedagogisk praksis for 1.-7. trinn.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • avansert kunnskap om inkludering og tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen  
  • inngåande kunnskap om fleirspråklegheit og om samanhengar mellom språk og læring
  • forskingsbasert kunnskap om kva som kjenneteiknar kvalitet i den faglege og språklege opplæringa for elevar som held på å lære norsk  
  • inngåande kunnskap om arbeid med utvikling av eit fleirkulturelt og fleirspråkleg innhald i undervisninga
  • avansert profesjonsretta kunnskap om korleis ein kan arbeide med ord- og omgrepsutvikling i eit andrespråksperspektiv
  • inngåande kunnskap om lese- og skriveforsking og didaktiske perspektiv på lese- og skriveutvikling når norsk er andrespråket  
Ferdigheiter

Studenten kan

  • kritisk analysere og drøfte pedagogisk praksis i lys av inkluderingsomgrepet og prinsippet om tilpassa opplæring for fleirspåklege elevar 
  • nytte forskingsbasert kunnskap til å arbeide fram innhald, arbeidsmåtar og organisering som fremjar tilpassa språkleg og fagleg opplæring for fleirspråklege elevar 
  • meistre didaktiske tilnærmingar som gir moglegheit for god lese-, skrive-, ordforråds- og omgrepsutvikling for elevar med fleirspråkleg bakgrunn 
  • analysere og nytte relevant kartleggingsverkty i arbeid med tilpassa opplæring for elevar som lærer norsk  
  • nytte språkleg og kulturelt mangfald i arbeid med å tilpasse innhaldet i undervisninga
  • uttrykkje seg godt på norsk i skriftlege og munnlege faglege framleggingar

 

Generell kompetanse

Studenten kan

  • på ein kvalifisert måte engasjere seg i den faglege og språklege utviklinga som mangfaldet av fleirspråklege elevar kan ha
  • kritisk analysere og vurdere læringsmiljøet med særleg merksemd på språkleg og kulturelt elevmangfald, og kan nytte relevant profesjonsfagleg kunnskap som bidrag til nødvendig endring
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, studium av faglitteratur, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
 

Arbeidskrav:

  1. Ei individuell, skriftleg oppgåve på 1000 - 1200 ord knytt til analyse av ein empirisk basert vitskapleg artikkel
  2. Eit gruppebasert munnleg innlegg knytt til analyser av språkleg og kulturelt innhald i opplæringa
  3. Deltaking i alle seminara knytt til arbeidskrava

Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

 

Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Randi Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell 30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust