MGL1-7MA3A Matematikk - eigenart, læring og undervisning

Emnekode: 
MGL1-7MA3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7MA2A Matematikk 2A: Utforsking, argumentasjon og bevis
MGL1-7MA2B Matematikk 2B: Matematikkdidaktikk
Om emnet

For matematikklærarar på 1.–7. steg er det viktig med god forståing av kva det vil seie å ha matematisk kompetanse og korleis ein best kan legge til rette for at elevar på desse stega kan oppnå slik kompetanse. Dette emnet legg grunnlaget for at studentane skal oppnå slik forståing. Emnet tek opp kva matematikkens eigenart er, matematikk og matematikkdidaktikk som vitenskapsfag og ulike modellar for matematisk kompetanse. Læringsteoriar vert belyst ut frå eit matematikkdidaktisk perspektiv. Det vert særleg lagt vekt på ulike representasjonsformer og semiotiske modellar.
 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om matematikkens eigenart, samfunnsmessig og kulturelle funksjon
  • har inngåande kunnskap om kva det betyr å lære matematikk for elevar på 1.–7. steg med begynnaropplæring og kan sjå dette i lys av ulike læringsteoriar
  • har djupnekunnskap om ulike representasjonsformer og semiotiske modellar
  • har inngåande kunnskap om ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar for elevar på 1.–7. steg
Ferdigheiter

Studenten

  • kan legge til rette for tilpassa undervisning for elevar på 1.–7. steg basert på forskingskunnskap
  • kan kartlegge og analysere elevar sin kompetanse/kunnskap og med utgangspunkt i dette vidareutvikle deira matematiske forståing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for matematikken sin eigenart, læring og undervisning
  • kan bidra aktivt i diskusjon og utvikling av matematikk som skulefag
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Feltarbeid knytt til analyse av innsamla elevarbeid på 1.–7. steg. Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
  2. Presentasjon, med vekt på læringssyn, av ein vitenskapleg artikkel. Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
     
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Frode Opsvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust