MGL1-7SP3 Spesialpedagogikk 3: Spesialpedagogrolla i skulen

Emnekode: 
MGL1-7SP3
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning
MGL1-7PE2 Pedagogikk og elevkunnskap 2: Den lærande eleven i elevmangfaldet
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 1-7, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng. 

Dette emnet er konsentrert om rolla som spesialpedagog i skulen. Emnet byggjer vidare på innhaldet i dei to første emna i Spesialpedagogikk og Pedagogikk og elevkunnskap. Det utvidar perspektivet til å handle om spesialpedagogen og spesialpedagogisk profesjonsutøving. Lærarar med høg spesialpedagogisk kompetanse kan ha mange roller og oppgåver i skulen. Det kan innebere å planlegge og gjennomføre spesialundervisning, legge til rette den ordinære opplæringa for elevar som strevar, vere rådgjevar og rettleiar for kollegaer og å vere aktør i institusjonelt endrings – og utviklingsarbeid. Utfordringa er å skape gode samanhengar og samband mellom ordinær opplæring og spesialundervisning. Viktige tema i emnet er difor korleis lærar med både spesialpedagogisk og allmennpedagogisk innsikt kan styrke opplæringa for alle elevar. Det kan dreie seg om korleis ein på klassestega 1-7, med særleg vekt på begynnaropplæringa, kan arbeide for å gje ei god, samla opplæring utifrå eleven sine unike føresetnader både fagleg, sosialt og emosjonelt, i samarbeid med heimen, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet.
 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • inngåande forskingsbaserte kunnskapar om utfordringar og dilemma knytte til ulike aspekt ved rolla som spesialpedagog i skulen
  • inngåande forskingsbaserte kunnskapar om korleis skape gode samband mellom spesialundervisning og ordinær opplæring 
  • avansert kunnskap om utfordringar og moglegheiter knytte til samarbeid om spesialpedagogiske tiltak
  • inngåande forskingsbaserte kunnskapar om relevant profesjonsretta forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar

 

Ferdigheiter

Studenten kan

  • meistre dei ulike rollene som lærar med høg spesialpedagogisk kompetanse i skulen
  • samarbeide på kvalifisert måte med heim, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet om eit godt opplæringstilbod for eleven
  • ta seg inn i og nytte relevant profesjonsfagleg forsking for å betre opplæringa
  • kombinere spesialpedagogisk og allmennpedagogisk kunnskap for å betre både ordinær opplæring og spesialundervisning
Generell kompetanse

Studenten kan

  • med utgangspunkt i dei ulike rollene som spesialpedagog, utvikle og betre opplæringa i skulen på dei relevante klassestega
  • engasjere seg i og initiere kollega- og foreldresamarbeid for å skape endring og utvikling til beste for elevar som strevar
  • analysere og formidle eit samansett fagstoff munnleg og skriftleg
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, lesing av faglitteratur, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

1. Ei skriftleg individuell oppgåve på 2000 ord som gjer greie for tiltak basert på analyser av relevante data frå skulen

2. Ei munnleg førebudd tilbakemelding på eit utkast til individuell oppgåve frå medstudent og drøfting i gruppe

3. Ein munnleg presentasjon i seminar knytt til erfaringar frå spesialundervisning i praksis

4. Deltaking i alle seminara knytte til arbeidskrava

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Randi Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100%Ingen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100%
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen.
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust