MGL1-7NA1A Naturfag 1A: Fysikk, kjemi og fagdidaktikk

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MGL1-7NA1A
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Undervisninga i MGL1-7NA1A, saman med MGL1-7NA1B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for undervising i naturfag i grunnskulen på 1.-7. steg (jf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.- 7. trinn).  

Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og naturfagdidaktikk. Energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, uorganisk og organisk kjemi er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for omgrepsutvikling og grunnleggande ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for oppdagarglede, undring og naturglede, samt utvikle elevane sitt naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag  

  • kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning 

  • kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet  

  • kunnskap om krefter, rørsle og likevekt 

  • kunnskap om elektrisitet, bølgjer, lyd og lys  

  • kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet 

  • kunnskap om bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff og kjemiske reaksjonar 

  • formlar og namn på uorganiske sambindingar 

  • kunnskap om skriving og balansering av reaksjonslikningar, kjemisk likevekt, syrer og baser, elektrokjemi og kolligative eigenskapar til vatn-løysningar (osmose) 

  • kunnskap om varme, uorden og spontanitet 

  • kunnskap om bygnaden og eigenskapar til organiske sambindingar 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • planlegge, gjennomføra og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 1.-7. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på grunnleggande ferdigheiter og nødvendige basisferdigheiter som trengs for å jobbe utforskande 

  • gjennomføre praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy 

  • gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag  

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag 

  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag  som utgangspunkt for naturfagundervisning 

  • kan legge til rette for overgangen frå barnehage til grunnskulen og frå barnetrinn til ungdomstrinn  

  • kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet er organisert i form av førelesingar, digitale økter, oppgåveløysing og praktisk laboratoriearbeid. Nærmare informasjon om organisering av emnet vert gjeve i semesterplanen. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). 

Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav: 

  • fagrapport frå to laboratorieøvingar 

  • samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid 

  • ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve 

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.  

Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet. 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Jan Håkon Vikane
Studieavgift

Ingen

Materialavgift

Ingen

Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterKalkulator utan høve til lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes LK06, periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene.Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Kalkulator utan høve til lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes LK06, periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene.
Omfang:Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått.
Godkjent av: 
Arne Myklebust