MGL1-7NO1B Norsk 1B: Begynnaropplæringa i lesing og skriving

Emnekode: 
MGL1-7NO1B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I norsk 1B står begynnaropplæring i lesing og skriving i småskulen sentralt. Studentane skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. I tillegg blir det lagt særleg vekt på arbeid med å førebygge lese- og skrivevanskar, og korleis den profesjonelle norsklæraren kan planlegge og gjennomføre relevante tiltak tilpassa den einskilde eleven. I denne samanhengen blir det også framheva korleis ulike kartleggingsverktøy kan brukast konstruktivt i undervisninga, både for å identifisere utfordringar tidleg og for å sette i verk tilpassa undervisning. Studentane skal lære å arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving, munnleg bruk av språket og bruk av digitale verktøy i norskfaget, og på tvers av faga.

Hovudtemaet for praksis andre studieår er elevrolla, tilpassa opplæring og eleven sitt møte med skule og fag, med særleg fokus på begynnaropplæring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om arbeidsmåtar og metodar i den første lese- og skriveopplæringa
  • har inngåande kunnskap om multimodalitetsteori 
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn
  • har kunnskap om lese- og skrivevanskar, samt relevante tiltak
  • har kunnskap om digitale og andre læremiddel i begynnaropplæringa
  • har kunnskap om kartleggingsprøver og nasjonale prøver
  • har kunnskap om akademisk skriving og kjenner til intervju som relevant forskingsmetode i norskfaget
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke ulike arbeidsmåtar og metodar i den første lese- og skriveopplæringa
  • kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter
  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
  • kan analysere og produsere skriftlege og multimodale tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar og medium
  • kan skrive ein akademisk tekst og nytte intervju som forskingsmetode
Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane på barneskulen blir tekstkyndige, trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og elles i samfunnet
  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking både skriftleg og munnleg gjennom heile studieprosessen. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

  • To skriftlege arbeidskrav på mellom 1500 - 2000 ord med erfaringar og refleksjonar frå praksis knytt til læreplan og relevant teori. Den eine teksten skal vere skriven på bokmål og den andre på nynorsk. Til kvart av dei skriftlege arbeidskrava skal det inngå ein læringsfremjande respons til ein medstudent
  • Gruppeoppgåve med digital forteljing og ein munnleg presentasjon. Studentane skal vise evne til refleksjon rundt arbeidsprosessen og produktet, samt didaktisk bruk av digital forteljing i klasserommet

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Monica Gjelsten
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterBegge målformer skal nyttast i fagtekstane for å sikre at studentane har kompetanse i både nynorsk og bokmål. Målforma på refleksjonsteksten er valfri.Studenten skal levere ein revidert versjon av kvar av dei to skriftlege arbeidskrava på mellom 1500-2000 ord. I tillegg må mappa innehalde ein refleksjonstekst på 500 ord (+/- 10 %), der studenten grunngjev drøftar sin eigen læringsprosess i lys av fagdidaktisk teori.

Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Begge målformer skal nyttast i fagtekstane for å sikre at studentane har kompetanse i både nynorsk og bokmål. Målforma på refleksjonsteksten er valfri.
Hjelpemidler:
Omfang:Studenten skal levere ein revidert versjon av kvar av dei to skriftlege arbeidskrava på mellom 1500-2000 ord. I tillegg må mappa innehalde ein refleksjonstekst på 500 ord (+/- 10 %), der studenten grunngjev drøftar sin eigen læringsprosess i lys av fagdidaktisk teori.

Godkjent av: 
Arne Myklebust