MGL1-7NA1B Naturfag 1B: Biologi, geofag og fagdidaktikk

Emnekode: 
MGL1-7NA1B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Byggjer på kunnskapar tilsvarande MGL1-7NA1A, som kan takast parallelt.

Om emnet

Undervisninga i MGL1-7NA1B, saman med MGL1-7NA1A, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag på barnesteget i grunnskulen tilsvarande naturfag 1 i nasjonale retningslinjer for femårig grunnskulelærarutdanning steg 1-7. Emnet tek for seg tema i naturfagdidaktikk. På grunnlag av etablert og ny kunnskap/forsking frå naturvitskap og fagdidaktikk, og i samspel med skulepraksis, vil ein utdanne reflekterte lærarar med evne til å gje undervisningi teoretiske, praktiske og haldningsskapande sider av faget både i byrjaropplæringa og i overgangen til ungdomssteget.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå biologi og geofag
  • skal ha kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av naturfaglege omgrep, arbeids- og tankemåtar, inkludert byrjaropplæringa og overgangen frå barnehage til skule
  • skal ha kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, læremateriell og eigen undervisning
  • skal ha kjennskap til fagdidaktisk forsking om undervisning og læring, tilpassa opplæring og vurdering i naturfag
  • skal ha kunnskap om bygnad og funksjon til celler og nokre sentrale organ/organsystem i menneskekroppen og korleis dei blir påverka av livsstil og helse
  • skal ha kunnskap om artar og grupper av organismar som er vanlege i norsk natur og korleis dei har utvikla seg gjennom tilpassing til miljøet
  • skal ha kunnskap om viktige prosessar og miljøutfordringar i økosystem og om naturtypar som er aktuell i feltarbeid på barnetrinnet
  • skal ha kunnskap om jorda sin plass i universet, dei einskilde delane av solsystemet og korleis desse flyttar seg i forhold til kvarandre
  • skal ha kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og bergartane sitt krinslaup, inkludert kjennskap til utvalde norske mineralar og bergartar
  • skal ha kunnskap om arbeids- og tankemåtar innan naturvitskap
  • skal ha kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og i felt
Ferdigheiter

Studenten

  • skal ha praktiske ferdigheter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå biologi og geofag, slik som å nytte relevant utstyr, undervise i felt og gjennomføre aktivitetar med naudsynte tryggleikstiltak 
  • skal kunna planlegge og utføre allsidig undervisning i skulefaget naturfag innanfor ulike rammer og samanhengar
  • skal ha ferdigheiter i å undervise og vurdere elevar si læring tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnader
  • skal utvikle evne til å nytte naturfaglege tema som ein viktig del av fleir- og tverrfagleg undervisning 
  • skal kunna planlegge, utføre og reflektere over eiga undervisning på barnetrinnet på grunnlag av fagdidaktisk forsking, teori og praksis
  • skal kunna planlegge og utføre naturfagundervisning der grunnleggjande ferdigheiter og digital kompetanse er ein tydeleg og integrert del av faget
  • kan gjennomføre undervisning der teknologi blir knytt til relevante tema i naturfag
Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter på sjølvstendig måte i utdannings- og yrkessamanheng gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, og evne til refleksjon og kritisk tenking
  • skal kunne knyte rolla som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som vedkjem naturvitskap og teknologi i samfunnet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Den praktiske undervisninga består av to økter ved HVO pr. semester, kvar på 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7).

Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • levere fagrapport frå to laboratorieøvingar/feltarbeidsøkter
  • levere samlerapportar frå alt anna laboratorie- og feltarbeid
  • bestå ei artsprøve basert på ei liste på 150 pensumartar
  • ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve

Minst ein av fagrapportane skal vere knytt til eigen skulepraksis, og alle rapportar skal knytast til aktuelle kompetansemål i gjeldande læreplanverk. Arbeidskrava må vere godkjende for oppnå eksamensrett i emnet. Detaljer knytt til arbeidskrava vert kunngjorde i semesterplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Jan Håkon Vikane
Studieavgift

Ingen

Materialavgift

Ingen

Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterIngen
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen
Omfang: