MGL1-7PRO Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk

Emnekode: 
MGL1-7PRO
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I profesjonsskriving på bokmål og nynorsk skal studentane få kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova, og dei skal utvikle skriftlege ferdigheiter i sentrale sjangrar frå lærarkvardagen. Studentane skal kunne bruke både nynorsk og bokmål som skriftleg undervisingsspråk (t.d. tavlespråk, tilbakemeldingar til elevane osb.) og i andre profesjonssamanhengar (t.d. årsplanar, møtereferat, informasjonsskriv til foreldra, e-post og annan digital kommunikasjon).  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova.
  • har kunnskap om ulike skriftlege sjangrar i skulekvardagen.
Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
  • kan gjere nytte av hjelpemiddel i eiga skriving.
  • kan, med utgangspunkt i opplæringslova og forskrift til opplæringslova, argumentere for kvifor ein lærar må ha god kompetanse i bokmål og nynorsk.
     
Generell kompetanse

Studenten

  • har god kompetanse i norsk skriftleg og kan vere ein god modell for elevane og stimulere til skriving på begge målformer.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing og seminar med studentaktivitet der studentane sjølve skal vere aktive skrivarar. Det vert lagt opp til at studentane skal samarbeide.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte til alle undervisningsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6

Arbeidskrav:

Fire skriftlege arbeidskrav skrivne i seminar, kvart på om lag 200-500 ord.

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Maren Østrem Nesse
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell-Stått eller ikkje ståttMålform: Både bokmål og nynorskMappa skal innehalde omarbeidd versjon av dei fire arbeidskrava, samt ein refleksjonstekst på omlag 500 ord der studenten, med utgangspunkt i opplæringslova og forskrift til opplæringslova,
argumenterer for kvifor ein lærar må ha god kompetanse i både bokmål og nynorsk. Minst to
av tekstane skal skrivast på nynorsk, og minst to av tekstane skal skrivast på bokmål.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Målform: Både bokmål og nynorsk
Hjelpemidler:
Omfang:Mappa skal innehalde omarbeidd versjon av dei fire arbeidskrava, samt ein refleksjonstekst på omlag 500 ord der studenten, med utgangspunkt i opplæringslova og forskrift til opplæringslova,
argumenterer for kvifor ein lærar må ha god kompetanse i både bokmål og nynorsk. Minst to
av tekstane skal skrivast på nynorsk, og minst to av tekstane skal skrivast på bokmål.
Godkjent av: 
Anne Øie