MGL1-7MA2A Matematikk 2A: Utforsking, argumentasjon og bevis

Emnekode: 
MGL1-7MA2A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7MA1A Matematikk 1A: Tal og algebra
MGL1-7MA1B Matematikk 1B: Begynneropplæring og statistikk, sannsyn, geometri og funksjonar
Om emnet

Emnet er første del av Matematikk 2, den valbare påbygginga i matematikk for studentar på grunnskulelærarutdanninga for 1-7. Tema i emnet er mellom anna talteori, geometri, algebra og funksjonar.

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle det didaktiske og faglege grunnlaget sitt for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget.

Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk, og vere med å utvikle og forme matematikkfaget. Emnet er erfaringsbasert og forskingsbasert, og har ei tett kopling til praksisfeltet.

Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7. Og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1, med ei fordjuping i utforsking, argumentasjon og bevis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om å arbeide med og undervise utforskande, i ulike typar argumentasjonsformer, matematiske bevis, problemløysing og modellering knytt til tema som talteori, algebra, geometri og funksjonar
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i temaet geometri gjennom grunnskulen
  • har kunnskap om den systematiske oppbygginga av talteori
  • har kunnskap om begynnaropplæring med særskild vekt på geometri
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eiga erfaring
  • kan bruke digitale verkty i eiga undervisning og i eige studium
  • kan arbeide teoriforankra og systematisk med kartlegging av matematikkvanskar og opplæring tilpassa elevar som har matematikkvanskar
  • kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan initiere og leie utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i FoU-prosjekt og andre samarbeidsprosjekt med tanke på å forbetre matematikkfaget sin undervisningspraksis
  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • kan vise fagleg engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, individuell rettleiing, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og utforsking, problemløysing og forelesingar. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.

Emnet har ei tett kopling til praksisfeltet ved at det blir arbeidd systematisk med studentane si praksiserfaring.

Studentane skal arbeide teoriforankra og systematisk med planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i matematikk til dømes ved bruk av metoden «Lesson Study».

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane. 

Arbeidskrav:

  • Eitt arbeidskrav knytt til praksiserfaringar
  • To matematikkfaglege innleveringar

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ingeborg Katrin Lid Berget
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 60%
Munnleg eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter40%
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 60%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:40%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust