MGL1-7NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MGL1-7NO2B
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7NO1A Norsk 1A: Norsk på mellomsteget
MGL1-7NO1B Norsk 1B: Grunnleggande lese- og skriveopplæring
Om emnet

I Norsk 2B er hovudvekta lagt på tekstvitskap, og korleis dette har blitt og blir tolka i vår samanheng. Dette blir også knytt saman med språkhistorie og sosiolingvistikk. I tillegg vil det bli lagt vekt på utvida kjennskap til kartleggingsverktøy og nasjonale prøver. Samtidig vil emnet markere ein tydeleg progresjon i litteraturdidaktikken frå 2A gjennom vidare arbeid med lesestimuleringstiltak og litteraturdidaktisk teori, samt eit historisk perspektiv. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei gjennom dette arbeidet skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. I tillegg vil dette kurset legge vekt på nabospråk og nabospråksdidaktikk. Studentane vil også få tilbod om ein studietur til Danmark med nettopp nabospråk som tema.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål  
  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om nordisk tekstkultur
  • har kunnskap om norskfaglege digitale læremiddel
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om didaktikk for å undervise fleirspråklege elevar
  • har kunnskap om språkhistorie og dialektar og kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elvar i begge målformer
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante og varierte uttrykksformer 

.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule 
  • kan vise faglig engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
  • kan forholde seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.

For dei som vel å skrive FoU-oppgåve med tema frå norsk: FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt og empirisk retta forskingsarbeid i kombinasjon mellom norsk og pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Sjå eigen emneplan for FOU-oppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Eit munnleg arbeidskrav knytt til fleirspråkleg opplæring 
  2. Ei vekes opphald på Schæffergaarden i Danmark med kurs i norsk, svensk, dansk språk og litteratur i lærarutdanninga i regi av Fondet for Dansk-Norsk samarbejde. Dersom ein ikkje har høve til å delta på kurset, får studenten eit skriftleg arbeidskrav på inntil 2000 ord på bokmål om nabospråk og nabospråksdidaktikk. Det vert elles gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell40minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Denne eksamensforma skal sikre at elevane sjølve kan gjere utval frå relevant forskingslitteratur og kunne utarbeide ein munnleg presentasjon med høg fagleg kvalitet, tilpassa mottakar og tid. I tillegg må studenten vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista.Munnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (15 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (25 min).
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:40
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: Denne eksamensforma skal sikre at elevane sjølve kan gjere utval frå relevant forskingslitteratur og kunne utarbeide ein munnleg presentasjon med høg fagleg kvalitet, tilpassa mottakar og tid. I tillegg må studenten vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista.
Hjelpemidler:
Omfang:Munnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (15 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (25 min).