MGL1-7PR2 Praksis 2, 25 dagar

Emnekode: 
MGL1-7PR2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Teaching practice 2, 25 days
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PR1 Praksis 1
Om emnet

Praksis 2 er på 25 dagar og er fordelt på to praksisperiodar; 15 dagar i haustsemesteret og 10 dagar i vårsemesteret. 
Studentane har normalt praksis på småskulesteget. 

Tema for praksis andre studieår er: 

  • Elevrolla 
  • Elevmangfald 
  • Begynnaropplæring 
  • Tilpassa opplæring  
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • elevføresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring 
  • tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurdering som fremmer gode læreprosessar 
  • klasseleiing og kommunikasjons- og relasjonsarbeid 
Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med særleg vekt på begynneropplæring 
  • leie gode læreprosessar for dei yngste elevane 
  • bruke ulike kartleggingsverktøy til å gi læringsfremmande tilbakemeldingar og tilpassa opplæring 
  • bruke relevante læremiddel, ressursar og digitale verktøy og gjennomføre opplæring som fremmer elevane si digitale kompetanse 
Generell kompetanse

Studenten​ kan:

  • delta aktivt i rettleiing og nytte tilbakemeldingar til eigen utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Felles for alle årssteg:

Studentane vert delte i grupper på tre til fire studentar, og dei er på same praksisskulen og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og oppfølgingslærar frå høgskulen, og praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. Det blir nytta digitale rettleiingsverktøy i praksis.

I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og oppfølgingslærar frå høgskulen får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis.

Andre studieår:

Det vert lagt opp til progresjon frå første til andre studieår ved at studentane no får eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning, og dei skal delta meir aktivt i rettleiing av kvarandre.

Vurdering:

Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med faglærar ved høgskulen og rektor ved praksisskulen. 
Studentane får: 

  • Skriftleg midtvegsvurdering etter haustpraksis. 
  • Skriftleg sluttvurdering etter vårpraksis med karakteren stått/ikkje stått

Rutiner for ikkje stått

  • Praksislærar nytter eige varselskjema ved fare for ikkje stått. 
  • Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar. 
  • Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten normalt avbryte studiet
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid vil kunne føre til krav om kompensatorisk arbeid.

I tillegg skal studentane:

  • Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas
  • Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

 
Vurdering: Stått eller Ikkje stått

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Gunhild Verås Grimstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Godkjent av: 
Arne Myklebust