HFSOS101 Helsefag for sosialarbeidarar

Emnekode: 
HFSOS101
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
2022 Haust
Rapporteringsprogram: 
Helsefag for sosialarbeidarar
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet skal gi studentane kunnskap om grunnleggjande helsefaglege tema som blant anna sjukdomslære, funksjonssvikt, observasjon, omsorg og pleie, i tillegg til generell farmakologi og forsvarleg legemiddelhandtering. Dei skal kjenne til aktuelle lover og vite korleis desse kan regulere praksis. Kompetanse innan tverrprofesjonelt samarbeid og samhandling skal bidra til at kompetansemangfaldet blir styrka.

Emnet består av sju tema:

Del A:  Medisin­faglege emne (utgjer til saman 2/3 av emnet):

  1. Anatomi/fysiologi
  2. Sjukdomslære/funksjonssvikt
  3. Farmakologi/legemiddelhandtering
  4. Førebyggande helsearbeid

 

Del B: Helse og omsorg (utgjer til saman 1/3 av emnet):

  1. Grunnleggande omsorg/pleie
  2. Sentrale lover og organisering
  3. Tverrprofesjonelt samarbeid/samhandling
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten:

A-1: ha kjennskap til menneskekroppen si oppbygging, utvikling og funksjon

A-2: ha kjennskap til behandling av aktuelle sjukdommar og funksjonssvikt

A-3: ha innsikt i grunnleggande farmakologi og medikamentell behandling

A-4: ha forståing for betydninga av førebyggande og helsefremmande tiltak

B-1: kunne vurdere brukarane sine behov for grunnleggande omsorg og pleie

B-2: gjere greie for korleis sentrale lover og forskrifter regulerer praktisk arbeid

B-3: kunne reflektere over korleis ulike perspektiv og profesjonar kan utfylle kvarandre i det tverrprofesjonelle samarbeidet

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten:

A-1: kunne kjenne igjen menneskekroppen si oppbygging, utvikling og funksjon gjennom livet

A-2: kunne observere og kartlegge brukarane sin helsetilstand og funksjonssvikt

A-3: kunne enkel legemiddelrekning og dele ut ferdig istandgjort legemiddel på forsvarleg måte

A-4: kunne planlegge, legge til rette for og rettleie i helsevenlege val

B-1: kunne rettleie, støtte og ivareta brukarane sine grunnleggande behov for pleie og omsorg

B-2: kunne handle i tråd med gjeldande lover og forskrifter

B-3: kunne initiere og ta del i tverrprofesjonelt samarbeid 

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten:

A-1: kunne reflektere over korleis helsefagleg kunnskap kan påvirke sosialfagleg arbeid

A-2: kunne identifisere helseutfordringar og samhandle med brukar, pårørande i sårbare situasjonar. Kunne gi informasjon og opplæring tilpassa den einskilde

A-3: kunne vurdere og dokumentere - på ein forsvarleg måte - eiga handtering av legemiddel

A-4: vere bevisst førebyggjande og helsefremjande arbeid både på systemnivå og individnivå

B-1: ha styrka etisk kompetanse ved å kunne utføre hjelpefunksjonar på ein respektfull og verdig måte

B-2: kunne legge til rette for autonomi og brukermedverknad

B-3: kunne vurdere eigen kompetanse og forsvarligheit i det tverrprofesjonelle samarbeidet

Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • Nettbasert studium med tre obligatoriske samlingar á tre dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret). 
  • Studentane jobbar nettbasert mellom samlingane.
  • Sju dagar obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

Det er fem obligatoriske arbeidskrav: 

  • Gruppearbeid
  • Skriftleg innlevering i samband med praksis
  • Test i legemiddelhandtering
  • Individuelt skriftleg arbeid
  • Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs før dei får gå opp til avsluttande eksamen

Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av undervisningsplanen.

Det er obligatorisk frammøte på samlingane og praksis (dvs. krav om 80% frammøte). Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga.

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Ellen Andenes
Studieavgift

Studieavgift kr 8000,- (kr. 4000,- pr. semester).

VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 2semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter4000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 2
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:4000 ord
Godkjent av: 
Randi Bergem, 19.02. 2021