DRHS902 Vitskapsteori og etikk

Emnekode: 
DRHS902
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Doktorgrad
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Ethics and the Philosophy of Science
Emnenavn på bokmål: 
Vitenskapsteori og etikk
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. Sjå opptakskrav i studieplanen.

Om emnet

Emnet i vitenskapsteori og etikk vil gjera synlege etiske problem og dilemma  i arbeid med menneske, som er nært knytt til utøving av skjønn og fagleg autonomi. Men slike dilemma er også til stades i forskninga sjølv, og det er viktig å gjera ph.d-kandidatane merksame på at forsking i seg sjølv er ei etisk ladd handling. Emnet vil fokusera på denne problematikken ved å gi ei skisse av nokre av dei sentrale posisjonane i vitenskapsteorien, med særleg vekt på positivismen, positivisme-kritikken, fornufts- og institusjonskritikken og kritisk realisme. Desse posisjonane avspeglar nokre av dei sentrale spenningane i dette studiet: Den strenge vitenskaplege disiplinen som ligg i positivismen, erkjenninga av subjektiviteten hos forskningsobjekta, som ligg i positivismekritikken, og fokuset på maktforhold som ligg i fornuftskritikken. Emnet vil gjera merksam på kva slags etiske premiss som ligg i vitenskapsteorien sjølv, og at det er desse spenningane som kjem til syne i helse- og sosialsektoren. Dette vil i neste omgang bli stilt saman med ein gjennomgang av etisk grunnlagstenkning. Ph.d-kandidatene vil også bli gjort kjent med ein del av lovene og forskriftene som finst på dette området.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal ha

  • inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske posisjonar og om dei etiske utfordringane som ligg implisitt i desse posisjonane
  • inngåande kunnskap om sentrale etiske modellar og etiske regelverk for forsking
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunna

  • utvikla og grunngi etisk forsvarlege val av vitenskapsteoretisk grunnlag for studiar
  • analysera det vitskapsteoretiske grunnlaget i gjennomførte prosjekt og kjenna att sentrale etiske problem
Generell kompetanse

Kandidaten skal vera 

  • i stand til å gjera sjølvstendige eitiske vurderingar i sitt yrkesfelt
  • ta stilling til vitskapseoretiske posisjonar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet blir organisert i to samlingar à tre dagar. I første samling blir dei ulike posisjonane presentert, og det blir gitt orientering om ulike forskrifter i forskingsetikken. Det vil også vera naturleg å invitera ein representant for Regional Etisk Komite. I andre samling presenterer deltakarane individuelle oppgåver som drøfter etiske dilemma relatert til eige forsking. Arbeidsformene omfattar førelesingar, heimeoppgåver og diskusjon. Samlingar veke 15 og 21 (2019).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent framlegg på samling.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med  kvalitetssikringssystemet ved Høgskolen i Molde.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Jan Inge Sørbø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Profesjonsutøving - vilkår og utvikling
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
Fagessay
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 17.02.18