NO2B-17KFK Norsk 2B for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
NO2B-17KFK
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
NO2A-17KFK Norsk 2A for 1.-7. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Krav til forkunnskapar

NO2A-17KFK

Om emnet

I Norsk 2B er hovudvekta lagt på språk- og tekstvitskap. Dette blir knytt saman med språkhistorie, målformene nynorsk og bokmål og norsk som andrespråk. I tillegg vil det bli lagt vekt på utvida kjennskap til den andre leseopplæringa, samt kartleggingsverktøy og nasjonale prøver. Kurset tematiserer også nabospråksforståing og nabospråksdidaktikk og nordisk tekstkultur, og studentane vil få tilbod om ein studietur til Danmark med nettopp nabospråk som tema. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei gjennom dette arbeidet skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Norsk2B-KFK er del av vidareutdanningstilbodet til Utdanningsdirektoratet. Meir informasjon om søknad og fristar ligg her: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/etter-og-videreutdanning/larere/

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten få følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om språkhistorie og didaktikk knytt til nynorsk og bokmål  
  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om nabospråk og nordisk tekstkultur
  • har brei kunnskap om den andre leseopplæringa og bruk av kartleggingsverktøy
Ferdigheiter

​Studenten:

  • kan bruke kunnskap om didaktikk for å undervise fleirspråklege elevar
  • har kunnskap om språkhistorie og dialektar og kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante og varierte uttrykksformer
Generell kompetanse

​Studenten 

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule 
  • kan vise fagleg engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
  • kan forholde seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Norsk 2B er eit kombinert nett- og samlingsbasert emne. I vårsemesteret er det lagt opp til to samlingar, der kvar går over to dagar. Mellom samlingane er det forventa at studentane arbeider både sjølvstendig og i grupper. 

Nettundervising, nettleksjonar, innlevering av arbeidskrav og individuell rettleiing skjer via læringsportalen Canvas og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. 

Studenten er sjølv ansvarleg for å sikre tilgang til Canvas (gjerne laste ned appen), då all informasjon blir gitt der. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

1. Eit munnleg arbeidskrav knytt til fleirspråkleg opplæring 

2. Ei vekes opphald på Schæffergaarden i Danmark med kurs i norsk, svensk, dansk språk og litteratur i lærarutdanninga i regi av Fondet for Dansk-Norsk samarbejde. Dersom ein ikkje har høve til å delta på kurset, får studenten eit skriftleg arbeidskrav på inntil 1500 ord (+/- 10%)  på bokmål om nabospråk og nabospråksdidaktikk. Det vert elles gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.

3. Eit skriftleg arbeidskrav på 3000 ord (+/- 10%) der studenten gjennomfører eit mindre forskings- og utviklingsprosjekt i eigen praksis. Studenten formulerer si eiga problemstilling med utgangspunkt i eit tema frå pensumlitteraturen.

Det er obligatorisk frammøte til samlingane, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.

Sensorordning
Minimumstal: 
-
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Emnet inngår i følgande studieprogram
NOR2-17KFK
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell 40 minutt-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter Munnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (15 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (25 min). Denne eksamensforma skal sikre at elevane sjølve kan gjere utval frå relevant forskingslitteratur og kunne utarbeide ein munnleg presentasjon med høg fagleg kvalitet, tilpassa mottakar og tid. I tillegg må studenten vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 40 minutt
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: Munnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (15 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (25 min). Denne eksamensforma skal sikre at elevane sjølve kan gjere utval frå relevant forskingslitteratur og kunne utarbeide ein munnleg presentasjon med høg fagleg kvalitet, tilpassa mottakar og tid. I tillegg må studenten vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista.