NO122-813KFK Nynorsk i opplæringa 2

Emnekode: 
NO122-813KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Nynorsk i opplæringa, Kompetanse for kvalitet 8-13
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Nynorsk i opplæringa del 2 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa på klassestega 8 - 13. Emnet vil ha eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk.

Målet med dette studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på klassestega 8 - 13 i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet. Studentane skal utvikle eigenkompetanse i nynorsk,  kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori. Nynorsk i opplæringa del 2 har eit kultur- og danningsperspektiv.

Det didaktiske perspektivet er gjennomgåande ved studiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om

  • nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadmetodikk
  • litteratur og litteratuformidling
  • språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
  • tekstproduksjon og rettings- og rettleiingsstrategiar i elevtekstar på nynorsk
  • relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede ved å bruke nynorsk i opplæringa
  • leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
Generell kompetanse

Studenten skal

  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • bruke ikt i undervisninga, både fagleg og didaktisk
  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Nynorsk i opplæringa 2 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling.

Nynorsk i opplæringa 2 er delt i tre tema som vil bli introduserte gjennom ti nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart tema vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.

Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette, og gjennom utprøving i eige klasserom. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som vert lagde i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar.

Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Nettleksjonane, som er skriftlege utdjupingar og kommentarar, er også pensum. Ein stor del av undervisningsressursen vert brukt til nettbasert rettleiing, individuelt og i grupper. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Ingen

Arbeidskrav:

Emnet er delt i 3 tema og til kvart tema er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.  Arbeidskrava er kalla:

Refleksjonstekster: skriv 1-2 sider om leksjonar og pensum (2 til kvart emne)

Responstekster: Skriv respons på tekstene til medstudentar (2 til kvart emne)

Godkjenningstekster: Ca. 1600 ord (1 til kvart emne, til saman 3)

Minst ei av refleksjonstekstene skal ha eit didaktisk perspektiv. Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe som skal godkjennast av faglærar.

For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere oppfylte.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Gudrun Kløve Juuhl
Emnet inngår i følgande studieprogram
Nynorsk i opplæringa, Kompetanse for kvalitet 8-13
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterPå grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (ca. 1600 ord) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (ca. 3000 ord). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk.
Eksamensoppgåve på 3000 ord (+ - 10 prosent)
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:På grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (ca. 1600 ord) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (ca. 3000 ord). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk.
Hjelpemidler:
Omfang:Eksamensoppgåve på 3000 ord (+ - 10 prosent)
Godkjent av: 
Arne Myklebust