NO121-813KFK Nynorsk i opplæringa 1

Emnekode: 
NO121-813KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Nynorsk i opplæringa, Kompetanse for kvalitet 8-13
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Er du interessert i nynorsk og nynorskopplæring? Nynorsk i opplæringa 1 kompetanse for kvalitet (KFK) er retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa på klassestega 8 - 13.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

​Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om:

  • den norske språksituasjonen i dag, nynorsk språk, litteratur og kultur
  • rettings- og rettleiingsstrategiar i elevtekster på nynorsk
  • relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • utvikle og legge til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
  • leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekster i opplæringa
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, formidlar og rettleiar i ein  språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • nyttiggjere seg IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Nynorsk i opplæringa 1 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling og kan orientere seg i læringsplattforma. Nynorsk i opplæringa 1 er delt i tre tema som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart tema vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.

Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling.

Nettleksjonane, som er skriftlege utdjupingar og kommentarar, er også pensum. Ein stor del av undervisningsressursen vert brukt til nettbasert rettleiing, individuelt og i grupper. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere oppfylte.

Arbeidskrav:

Emnet er delt i 3 tema og til kvart tema er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.  Arbeidskrava er kalla:

Refleksjonstekster: skriv 1-2 sider om leksjonar og pensum (2 til kvart emne)

Responstekster: Skriv respons på tekstene til medstudentar(2 til kvart emne)

Godkjenningstekster: 1600 ord (+/- 10%) (1 til kvart emne, til saman 3)

Minst ei av refleksjonstekstene skal ha eit didaktisk perspektiv. Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe i Canvas som skal godkjennast av faglærar. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Hjalmar Trond Eiksund
Emnet inngår i følgande studieprogram
Nynorsk i opplæringa, Kompetanse for kvalitet 8-13
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterPå grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (1600 ord, +/- 10%) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (3000 ord, +/- 10%). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk.
Eksamensoppgåve på 3000 ord (+/- 10%)
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:På grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (1600 ord, +/- 10%) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (3000 ord, +/- 10%). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk.
Hjelpemidler:
Omfang:Eksamensoppgåve på 3000 ord (+/- 10%)
Godkjent av: 
Arne Myklebust