NO122 Nynorsk i opplæringa 2

Emnekode: 
NO122
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Nynorsk i opplæringa
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Nynorsk i opplæringa 2 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa, men er nyttig for alle som vil heve nynorskkompetansen sin. Emnet vil ha eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk. Målet med dette studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnopplæringa i tråd med intensjonane i læreplanen. Studentane skal utvikle eigenkompetanse i nynorsk, kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori. Nynorsk i opplæringa 2, NO122, har eit kultur- og danningsperspektiv. Det didaktiske perspektivet er gjennomgåande ved studiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om:

  • Nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadsmetodikk.
  • Litteratur og litteraturformidling.
  • Språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv.
  • Tekstproduksjon og rettings- og rettleiingsstrategiar i elevtekstar på nynorsk.
  • Relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning.
Ferdigheiter
  • Studenten skal kunne utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål.
  • Leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede ved å bruke nynorsk i opplæringa.
  • Leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa.
Generell kompetanse
  • Studenten skal analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald.
  • Bruke ikt i undervisninga, både fagleg og didaktisk.
  • Utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling og programvare for tekstbehandling. Emnet er delt i tre hovudområde som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart hovudområde vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav. Denne organiseringa sikrar òg koordinering av den faglege progresjonen i studiet.

Kvar student vurderer kva oppgåve han/ho vil arbeide vidare med/utvide for å levere i vurderingsmappa. Studiet er gjennomgåande didaktisk og det vil bli teke i bruk varierte læremiddel. Studentane skal tileigne seg emnet gjennom lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som vert lagt i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre. Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Nettbaserte diskusjonsgrupper, e-post og vevtenester er viktige komponentar i studiet. Nettleksjonane, som er skriftlege utdjupingar og kommentarar, inngår i pensumlitteraturen. I tillegg til dette vil ein stor del av undervisningsressursen bli brukt til elektronisk rettleiing, individuelt og i grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Til kvart hovudemne knyter det seg eigne arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.

Til kvart hovudemne må studenten:

  • skrive to refleksjonstekster på 1-2 sider og gje respons til medstudentar, til saman 6 refleksjonstekster og 6 responstekster til medstudentar
  • skrive ei godkjenningstekst, på ca. 1600 ord, til kvart hovudemne, til saman 3 godkjenningstekster. Minst ei av tekstene skal ha eit didaktisk perspektiv. Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe som skal godkjennast av faglærar.

For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere oppfylte.

Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Ingrid Løvik Saure
Emnet inngår i følgande studieprogram
Nynorsk i opplæringa
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter På grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (ca. 1600 ord ) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (ca. 3000 ord). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk.
Eksamensoppgåve på 3000 ord (+ - 10 prosent)
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: På grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (ca. 1600 ord ) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (ca. 3000 ord). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk.
Hjelpemidler:
Omfang: Eksamensoppgåve på 3000 ord (+ - 10 prosent)
Godkjent av: 
Anne Øie