NO321 Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 1

Emnekode: 
NO321
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk, masternivå
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Dette er eit studium som primært har barnehagelærarar og lærarar som målgruppe. Opptaksgrunnlaget til studiet er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) og innanfor følgjande utdanningsvegar: 

  • grunnskulelærarutdanning eller allmennlærarutdanning, der minst 30 stp norsk inngår i fagkretsen
  • barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning
  • fagutdanning med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), der minst 30 studiepoeng norsk inngår i fagkretsen
Om emnet

Emnet er første del av studiet Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Det faglege innhaldet i dette emnet er konsentrert om teoretisk og praktisk kunnskap om to- og fleirspråklegheit, med vekt på analyse og diskusjon av inkluderande pedagogisk praksis. Sentrale tema vil vere arbeid med faglege og didaktiske problemstillingar som gjeld tilrettelegging for språkstimulerande miljø for fleirspråklege barnehageborn, tilpassa opplæring for fleirspråklege elevar, utvikling av norskspråklege leseferdigheiter, arbeid med omgrepsdanning og ordforråd og bruk av kartleggingsverktøy som eit pedagogisk reiskap i undervisning og for tilrettelegging i barnehagen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha:
 • avansert kunnskap om samanhengar mellom inkluderingsomgrepet, prinsippet om tilpassa opplæring og tilrettelegging for læring og utvikling i den fleirkulturelle skulen og barnehagen 
 • inngåande kunnskap om to- og fleirspråklegheit, om tospråklege arbeidsmåtar og opplæringsmodellar og om føresetnader for god kognitiv og språkleg utvikling når norsk er andrespråket 
 • inngåande kunnskap om korleis ein kan arbeide med ord- og omgrepsutvikling i eit andrespråksperspektiv 
 • avansert kunnskap om leseforsking og didaktiske perspektiv på tidleg og fortsettande leseutvikling når norsk er andrespråket
 • grundig kunnskap om lovverk, rammeplanar, læreplanar og kartleggingsverktøy for språklege minoritetar

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:            
 • analysere, drøfte og arbeide fram pedagogiske løysingar som fører til tilpassa læringsmiljø for fleirspråklege born, unge og vaksne 
 • legge til rette for eit språklæringsmiljø som tek vare på og utviklar språkleg og kulturelt mangfald
 • meistre didaktiske tilnærmingar som gir moglegheit for god ordforråds- og omgrepsutvikling for born/elevar med fleirspråkleg bakgrunn 
 • meistre didaktiske tilnærmingar som inneber tilpassa leseopplæring
 • uttrykkje seg godt på norsk i skriftlege og munnlege faglege framleggingar

Generell kompetanse

Studenten skal:
 • kunne tilrettelegge for læring, utvikling, tilpassa opplæring og inkludering i den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen og barnehagen                   

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er fordelt på fire samlingar i haustsemesteret, og går over to heile dagar kvar gong. Arbeidsformene vil variere mellom plenumsundervisning, studium av faglitteratur, studentseminar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing. Studentane må ha tilgong til, og kunne gjere seg nytte av IKT-basert kommunikasjonsverktøy. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Obligatorisk frammøte på samlingane 
  • Eit feltarbeid (1 – 2 dagar)
  • Ein munnleg presentasjon knytt til feltarbeidet
  • To skriftlege refleksjonstekstar på 350 - 400 ord, basert på fagartiklar
  • Deltaking i alle seminara knytt til arbeidskrava

Studentane skal gjennomføre eit feltarbeid i ein barnehage, skule eller annan institusjon der det går føre seg fagleg arbeid retta inn mot språklege minoritetar. Dette vil danne utgangspunkt for å analysere og drøfte problemstillingar knytt til ambisjonar og realitetar i utdanningsløpet. For å avlegge eksamen i emnet er det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende. Studentar som har fått underkjent arbeidskrav knytt til seminararbeid eller notatskriving, kan få eitt nytt forsøk. Det er faglærarane som godkjenner arbeidskrava. Det er krav om 70 prosent frammøte til obligatorisk undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6.

Sensorordning
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Randi Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk, masternivå
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterStudentar som får "karakter F" på eksamen kan få eitt nytt forsøk for å omarbeide eksamensoppgåva si med same problemstilling. Studentar som to gonger har fått "karakter F" ved sensur, må ta emnet på nytt.3500- 4500 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Studentar som får "karakter F" på eksamen kan få eitt nytt forsøk for å omarbeide eksamensoppgåva si med same problemstilling. Studentar som to gonger har fått "karakter F" ved sensur, må ta emnet på nytt.
Hjelpemidler:
Omfang:3500- 4500 ord
Godkjent av: 
Arne Myklebust