REL111 Bibelen - tekst og tolking

Emnekode: 
REL111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i religion og livssyn
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet skal gje god bibelkunnskap, grunnleggjande forståing av bibelske tekstar og innsikt i korleis ein kan nytte bibeltekstar i KRLE- og RE-faget og i anna opplæring og formidling. Vi arbeider med eit utval tekstar frå Det gamle og Det nye testamente.

Emnet er delt i tre delar

Del 1: Innføring i bibelfag

· Bibelens opphav og innhald (tekst og kanonhistorie)

· Forholdet mellom den jødiske og den kristne Bibelen

· Forholdet mellom bibelforteljing og historie i det gamle Israel

· Historie og kultur i Palestina i bibelsk tid

Del 2: Bibelfagleg tekststudium

· Grunnleggjande tekstanalyse

· Bibellesing og tolking

· Bibelen si verknadshistorie

Del 3: Bibelen i undervisning

· Korleis lese Bibelen som heilskap

· Prinsipp og arbeidsmåtar for undervisning i Bibelen (bibeldidaktikk)

· Rammene for religionsfaget i skulen og læreplanarbeid

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

- kunnskap om Bibelen som litterær samling og som religiøst og historisk dokument

- kunnskap om innhaldet i Bibelen

- kunnskap om Bibelen si tolkingshistorie

- nærare kunnskap om eit utval bibelske tekstar

- kjennskap til Bibelens verknadshistorie i kunst og kultur

- kunnskap om bruk av Bibelen i skulen og i trusopplæring

 

Ferdigheiter

- kunne nytte bibelfagleg litteratur i analyse og tolking av bibelske tekstar

- kunne bruke ulike metodar i tolking av tekstar frå Det gamle og Det nye testamente

- kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking av Bibelen med fagleg innsikt

- ha fagleg grunnlag for å kunne planlegge og gjennomføre undervisning om bibelske tekstar og tema

Generell kompetanse

- kunne bruke tekstanalystisk kunnskap knytt til gamle tekstar 

- kunne bruke kunnskapar om Bibelen på ein sjølvstendig og reflektert måte

- kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdannings- og yrkessamanheng

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%), jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og deltaking i undervisninga.

I haustsemesteret i veke 40 tilbyr vi studietur til Redbridge i London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 4000 kroner. Det inkluderer flyreise tur/retur Vigra - London, overnatting og kursavgift. Vi oppmodar deg til å vere med på denne turen!

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten:

- ha bestått ei kunnskapsprøve

- ha skrive ei oppgåve på inntil 1500 ord

- ha kommentert ein medstudents tekst

- ha framført ein digital presentasjon av eit kunstverk (frå kristen bildekunst eller arkitektur) og skrive ein akademisk tekst på 1000 ord som fortel om dette

- ha levert utkast til eksamensoppgåva til rettleiing til fastsett frist

Emne, omfang på arbeida og leveringsfristar blir kunngjort i semesterplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Bente Afset
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i religion og livssyn
Religion, livssyn og etikk 30 stp
Religion, livssyn og etikk, årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50% Oppgåva skal leverast digitalt. Problemstillinga er knytt til eitt eller fleire av delemna. Omfanget på oppgåva skal vere inntil 2500 ord.Bibel og Evangeliesynopse.
Munnleg eksamenIndividuell 30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50%Individuell munnleg prøve kan gjelde alle delemna.Bibel og Evangeliesynopse.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50%
Kommentar: Oppgåva skal leverast digitalt. Problemstillinga er knytt til eitt eller fleire av delemna. Omfanget på oppgåva skal vere inntil 2500 ord.
Hjelpemidler:Bibel og Evangeliesynopse.
Omfang:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50%
Kommentar:Individuell munnleg prøve kan gjelde alle delemna.
Hjelpemidler:Bibel og Evangeliesynopse.
Omfang: