REL116 Populærkultur, livstolking og undervisning

Emnekode: 
REL116
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i religion og livssyn
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Populærkulturen spelar ei vesentleg rolle for livstolkinga til mange menneske i dag. Emnet vil gi kunnskap om korleis populærkulturen i eit fleirkulturelt samfunn tematiserer religion og livstolking. Ein vil vidare drøfte religionsdidaktiske spørsmål i lys av dette. Emnet er delt i tre. 

Del 1: Kulturmangfald

Del 1 gir ei kort innføring i kulturomgrepet og i kulturmangfaldet i Noreg i dag. Det vert lagt vekt på

  • ulike sider ved religionane si rolle i dagens samfunn
  • tilhøvet mellom religion og kultur
  • sekularisering og pluralisering

Del 2: Populærkultur og livstolking

Del 2 gir innblikk i korleis populærkulturen kan vere kjelde til og arena for livstolking. Delemnet gir særleg innsikt i film som bidrag til livstolking, og i korleis meiningsdanning skjer i møte med film. Det vert lagt vekt på

  • media literacy
  • populærkulturen som livssynsmarknad
  • tilhøvet mellom religion og media
  • fiendebilete i populærkulturen
  • korleis motiv frå kristen tru og etikk blir bearbeidd i film
  • film som medium for livstolking

Del 3: Religionsdidaktikk

Delemnet gir hjelp til å reflektere over religionsdidaktiske spørsmål. Det blir lagt vekt på

  • utfordringar som knyter seg til felles religionsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn
  • religiøs estetikk

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 

Etter fullført studium har studenten kunnskapar om

  • rolla til religion i det fleirkulturelle Noreg
  • populærkulturen sin bruk og omforming av religiøst innhald
  • meiningsdanning og livstolking med utgangspunkt i populærkulturelle uttrykk
  • bruk av bibelforteljingane på film og korleis dette kan brukast i undervisning
  • korleis forteljing og bilde blir forstått og brukt i ulike religionar og livssyn, og korleis dette kan brukast i undervisning
  • religionsdidaktiske problemstillingar
  • medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom
Ferdigheiter

Etter fullført studium har studenten ferdigheiter

  • til å kunne drøfte rolla til religion i det fleirkulturelle Noreg
  • til å analysere framstillinga av religion i populærkulturen
  • til å analysere religiøs kunst frå ulike tradisjonar
  • til å drøfte kva konsekvensar eit pluralistisk samfunn har for religions- og livssynsundervisninga
Generell kompetanse

Studenten skal ha kompetanse

  • til å kunne bruke film som ein del av religions- og livssynsundervisninga
  • til å kunne reflektere over forholdet mellom populærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer gjennom førelesinger og seminar. Det er obligatorisk frammøte (80%) til undervisninga, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbyttet ligg hos studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga.   

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten

  • ha fått godkjent ei kunnskapsprøve innan ein frist som instituttet fastset
  • ha fått godkjent to faglege arbeid og ha presentert eitt av dei munnleg
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ralph Meier
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i religion og livssyn
Bachelorgradsstudium i historie
Bachelorgradsstudium i religion og språk
Religion, livssyn og etikk 30 stp
Religion, livssyn og etikk, årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50%Ingen.2500 ord.
Munnleg eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50%Ingen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50%
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen.
Omfang:2500 ord.
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50%
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen.
Omfang: