REL113 Tru og tradisjon

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
REL113
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i religion og livssyn
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet gjev kunnskap om kristen tru og tradisjon. Det presenterer historia til kristendomen gjennom to tusenår. Emnet tek særleg føre seg reformasjontida og dei ulike kyrkjesamfunna i hundreåra etter. Det gjev kunnskap om truslæra i eit felleskristent perspektiv, og studenten skal få grunnlag til å vurdere både prinsipielle og aktuelle spørsmål omkring kristen etikk.

Dei to første delemna er historiske - med vekt på korleis tru og praksis har arta seg til skiftande tider. Dei to neste tek føre seg truslære og etikk.

Del 1: Frå urkyrkje til reformasjonstid
Delemnet framstiller kyrkja si utvikling frå forfølgd minoritet til folkekyrkje med politisk makt. Det vert lagt vekt på misjonsverksemda i oldtid og mellomalder, og studiet vert ført fram til reformasjonen i Danmark-Noreg.

Del 2: Kyrkjeleg mangfald i nyare tid
Delemnet gjev innføring i det kristne mangfaldet i nyare tid utifrå eit globalt perspektiv. Det vert lagt vekt på teologisk utvikling etter reformasjonen og kristendomens forskjellige uttrykk til ulike tider og stader. Dette inkluderer ei framstilling av utviklinga av kristendomen frå reformasjonen til vår eiga tid i Noreg.

Del 3: Kristen tru
Delemnet gjev innføring i truslære etter luthersk tradisjon. Dette vert sett i ein felleskristen samanheng med vekt på den nikenske truvedkjenninga.

Del 4: Kristen etikk
Delemnet gjev ei kristen grunngjeving av etikken og drøftar utvalde tema som: Etikk og kristen tru, kristen etikk og anna etikk, menneskesyn og menneskeverd, familie og samliv, mennesket som forvaltar, arbeid og yrke, økonomi, naturen og politikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten dette læringsutbytet etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført studium skal studenten ha 

  • kunnskapar om den kristne kyrkja i oldtid, mellomalder, reformasjonstid og nytid
  • kunnskapar om kristendomen på eit anna kontinent enn Europa
  • kunnskapar om hovuddraga i luthersk kristendomsforståing i høve til andre kyrkjesamfunn
Ferdigheiter

Etter fullført studium skal studenten

  • kunne vurdere verknaden av moderne vitskap på kyrkja si rolle i samfunnet
  • kunne drøfte prinsippielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i kristent normgrunnlag
Generell kompetanse

Etter fullført studium skal studenten ha

  • grunnleggande digital kompetanse
  • evne til å bruke kunnskapar og dugleikar sjølvstendig
  • evne til å nytte kunnskap og dugleik reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitetar. Hovudansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga. Undervisninga er obligatorisk, sjå § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Nærare opplysningar om tema, omfang og tidsfristar vert kunngjort i undervisningsplanen ved starten av semesteret.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å få gå opp til eksamen i emnet må studenten

  • ha fått godkjent to faglege arbeid og presentert det eine munnleg
  • ha fått godkjent ei kunnskapsprøve innan ein frist som instituttet fastset
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ralph Meier
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i religion og livssyn
Bachelorgradsstudium i historie
Religion, livssyn og etikk 30 stp
Religion, livssyn og etikk, årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 1/3
HeimeeksamenIndividuell5DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter2/3 Inntil 4000 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 1/3
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:2/3
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: Inntil 4000 ord.