REL152N Religion og livssyn II

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
REL152N
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Religion, kultur og samfunn, opne emne, nettstudium
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Kunnskap om heilage tekster og deira tolkings- og verknadshistorie gjev grunnlag for å forstå sprikande oppfatningar mellom og innanfor religionar.  Emnet gjev innføring i tekster frå jødedom, kristendom og islam. Vidare tek emnet føre seg hovudlinjer i etikk og filosofi, kristen tru og historie og religionskritikk. I arbeid med fagstoffet vil studentane møte eksistensielle spørsmål som til dømes har med menneskesyn og økologisk berekraft å gjere. 

Saman med REL151N Religion og livssyn I dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • om eit utval tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen 

  • om skriftene si verknadshistorie i kunst og kultur 

  • om bruk av heilage skrifter i undervisning 

  • om kristendommens historie og truslære 

  • om grunnleggande etiske omgrep og teoriar 

  • om eit utval av eldre og nyare filosofar 

  • om religions- og livssynskritikk og vitskap 

Ferdigheiter
  • kunne bruke tekstanalytiske kunnskapar til å tolke gamle tekster 

  • kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking og bruk av tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen med fagleg innsikt 

  • kunne vurdere og drøfte forholdet mellom moderne vitskap, religion og livssyn kritisk og reflektert 

  • kunne drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i religiøst og ikkje-religiøst normgrunnlag 

Generell kompetanse
  • kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk 

  • innsikt i religiøse og filosofiske sider ved europeisk kulturarv 

  • kunne formidle kunnskap om religion, livssyn, filosofi og etikk i yrkessamanheng 

  • grunnleggande digital kompetanse 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas.   

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to skriftlege oppgåver kvar på 1500 ord til fastsett tidsfrist. 

 

Minimumstal: 
50
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Per Halse
Emnet inngår i følgande studieprogram
Religion, kultur og samfunn, opne emne, nettstudium
Bachelorgradsstudium i historie, nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Heimeoppgåva skal ha mest vekt.Mappa skal innehalde to delar:
- Ei skriftleg heimeoppgåve på 2500 ord (+/-10 %) og
- Eitt av arbeidskrava (trekt på førehand).
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:Heimeoppgåva skal ha mest vekt.
Hjelpemidler:
Omfang:Mappa skal innehalde to delar:
- Ei skriftleg heimeoppgåve på 2500 ord (+/-10 %) og
- Eitt av arbeidskrava (trekt på førehand).
Godkjent av: 
Arne Myklebust