IPA309 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing (45 stp)

Emnekode: 
IPA309
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
45
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing (45 stp)
Emnenavn på bokmål: 
Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og ledelse (45 stp)
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Det inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon, som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat. Talet på studieplassar er avgrensa til 20. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av oppnådde karakterar på dei obligatoriske emna, deretter på grunnlag av karakterar på dei valfrie emna. Studentar med karakterar A eller B får først tilbod (gruppe 1). Deretter får studentar med C tilbod inntil studieplassane er fylt opp (gruppe 2).

Om emnet

Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. Det er viktig å kunne etablere gode strategiar til fordel for eigen organisasjon. Med ein mastergrad i Samfunnsplanlegging og leiing får du ei solid og spesialisert utdanning som gjer deg til ein ettertrakta leiar og samfunnsplanleggar. Masterstudiet gir deg viktig yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Det inneber kompetanse til å utvikle og å leie plan- og utviklingsarbeid. Det vert lagt vekt på at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og opne prosessar.

Emna IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori og emnet IPA309 Masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing er fagleg integrerte og koordinerte.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha:

  • inngåande kunnskap om kvalitative og kvantitative design i samfunnsvitskapleg forsking 
  • inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
  • omfattande kunnskap om feltet han/ho vel å forske på 
  • forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • god kunnskap om krav til akademisk skriving 
Ferdigheiter

Studenten skal: 

  • ha ferdigheiter til på sjølvstendig grunnlag å utvikle eit samfunnsfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar.
  • kunne vurdere kor vidt ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • ha gode ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
  • kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur og kunne setja eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ei kritisk reflektert måte
  • meistre akademisk skriving godt og kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar skriftleg og munnleg til brukarar av forskinga og til fagfellar
Generell kompetanse
  • Studenten skal utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, samt presentere status for oppgåva for medstudentar og rettleiarar på oppgåveseminar undervegs i haustsemesteret. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod rundt oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane, der rettleiiarar og medstudentar deltek.

Studentane får kvar tildelt ein rettleiar som kan bruke inntil 30 timar på oppgåvelesing og individuell rettleiing.

Oppgåveseminar i samband med masteroppgåva og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same undervisningssamlingane:

  • Samling 1: veke 34 - Notatskriving
  • Samling 2: veke 43 - Presentasjon og tid til rettleiing
  • Samling 3: veke 48 - Tid til rettleiing
  • Samling 4: veke 3 (2021) - Om oppgåveskriving, presentasjon og tid til rettleiing
  • Samling 5: veke 11 (2021) - Om analyse, presentasjon og tid til rettleiing

Til den tredje samlinga skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen innan 1. februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha stått til eksamen i emnet IPA 307 Forskingsmetode og vitskapsteori. Vidare må masteroppgåva vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.

Studenten må ha presentert masteroppgåva og gitt førebudde kommentarar til medstudentar, på minst to samlingar.

Sensorordning
Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
10
Emneansvarleg: 
Bjarte Folkestad
Nathalie Homlong
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
2 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
35.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2020