HUM103N Humanistisk innføringsemne, Nettbasert (ex.fac. utan skrivekurs)

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
HUM103N
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Examen facultatum
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Studiet legg vekt på nyare vitskapsteoretiske diskusjonar og den historiske samanhengen dei går inn i. Studiet inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet.

Emnet er delt i tre:

  • Humanistisk vitskapshistorie
  • Tekst og tolking (hermeneutikk)
  • Kunst og samfunn

1) Humanistisk vitskapshistorie

Delemnet tar opp korleis ein kan forstå omgrepet vitskap. Ein diskuterer tilhøvet mellom humaniora og naturvitskap, historismen og den språklege vendinga i humaniora.

2) Tekst og tolking

Delemnet tar opp hermeneutikkens historie. Ein diskuterer kva som ligg i omgrepet hermeneutisk metode, og fordjupar seg i den moderne debatten om hermeneutikk. Studenten vil også få ei kort innføring i moderne kulturforståing.

3) Kunst og samfunn

Delemnet tar opp kunstomgrepet i eit historisk perspektiv med særskilt vekt på litteratur. Ein diskuterer synet på kunst i ulike periodar, og ser på tilhøvet mellom litteratur og røyndom. Viktige spørsmål er på kva måte kunst er knytt til historie, kultur og kjønn.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om

  • fag- og vitskapshistorie
  • sentrale spørsmål i dei humanistiske faga.

 

Ferdigheiter

Etter fulført emne skal studenten 

  • ha trening i fagleg skriving på 100-nivå.
  • ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskaplege tenkemåtar og metodar
Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten ha 

  • utvikla allmenn kjennskap til og ei allmenn forståing av vitskapleg grunnlagsproblematikk.
  • Innsikt i ulike vitskapar og vitskapstypar i høve til kvarandre og i høve til samfunnet.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vert gjeven gjennom nettleksjonar. Studentane fylgjer opp gjennom oppgåveskriving og responsar på medstudentar sine oppgåvetekstar. I arbeidet med dei skriftlege oppgåvene får studentane rettleiing frå faglærar.

Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal skrive ei godkjenningsoppgåve (ca.3 sider à 2000 teikn) frå kvart delemne. Oppgåva skal godkjennast av faglærar og skal vere grunnlag for responsar frå medstudentar.

Studenten skal gi skriftleg respons på seks oppgåveutkast frå medstudentar i løpet av kurset (ca. 1/2 - 1 side for kvar respons).

Komplett arbeidsmappe (3 godkjenningsoppgåver og 6 responsar) skal vere godkjend i same semester som arbeidet er utført.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Katrin Lunde
Emnet inngår i følgande studieprogram
Examen facultatum
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakterEi av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn).Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn).
Hjelpemidler:
Omfang:Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist.
Godkjent av: 
Arne Myklebust