ENG2A-510KFK Engelsk 2A for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
ENG2A-510KFK
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Engelsk 2 for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Om emnet

Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar. Emnet gjev større grad av fagleg fordjuping i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar til personleg og fagleg vekst, og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet gir meir kunnskap om fonologiske strukturar i det engelske språket og vidare utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er sentralt i emnet.
 
Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. trinn står sentralt. I tillegg gir emnet meir innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar. Engelsk blir sett i eit historisk og kulturelt perspektiv, med tekstar i ulike genrar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om lydsystemet i engelsk med særskild vekt på lydar i samanhengande tale

  • har noko kunnskap om ulikskapar mellom britisk og amerikansk uttale

  • har noko kunnskap om variantar av engelsk

  • har kunnskap om historisk utvikling av metodar og tilnærmingar til opplæring i engelsk

  • har kunnskap om ulike måtar å organisere opplæringa på

  • har kunnskap om korleis ulike faktorar kan påverke læring av engelsk

  • har innsikt i ulike læringsstrategiar som kan gjere elevane medvitne om eiga læring og språkutvikling i eit langsiktig perspektiv

  • kjenner trekk ved samfunnsutviklinga i den engelskspråklege verda frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen

  • kjenner eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen til både personleg vekst og undervisningsbruk

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar

  • bruke kunnskap om det engelske lydsystemet til å justere eigen uttale, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane

  • skilje mellom britisk og amerikansk uttale og identifisere nokre variantar av engelsk

  • lese og skrive fonemiske transkripsjonar

  • planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning slik at det vert tatt omsyn til mangfaldet i elevgruppa og kulturell og språkleg bakgrunn

  • legge til rette for varierte og differensierte læringsaktivitetar som fremmer utviklinga av elevane sine reseptive og produktive språkferdigheiter, blant anna ved bruk av digitale læringsverktøy

  • gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar og bruk av eigenvurdering

  • kombinere og samanfatte kunnskap om engelskspråklege samfunn, kunst, kultur og litteratur frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen

  • nyttegjere seg det heilskaplege perspektivet i eiga undervising

  • kan nytte sin profesjonsfaglege digitale kompetanse i eiga engelsjundervisning

Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa

  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge

  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett og to samlingar i Volda (den fyrste på tre dagar og den andre på to dagar). Samlingane er obligatoriske. Studentar som ikkje er praktiserande lærarar med engelsk på timeplanen må ha/skaffe seg tilgang til ei elevgruppe på høveleg aldersnivå for å prøve ut undervisningsopplegg.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til samlingane

Arbeidskrav:

  • Eit arbeidskrav i profesjonsfagleg digital kompetanse (ordtal ikkje relevant)

  • Eitt skriftleg arbeidskrav i språk (ordtal ikkje relevant)

  • Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk (1500 ord)

  • Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur (1500 ord)
  • Studenten skal gjennom semesteret føre ein logg der ho/han reflekterer over sin praksis i klasserommet med fokus på eiga didaktisk utvikling som lærar. Loggen bør førast minst ein gong i veka, ikkje mindre enn 50 ord per veke: sjå under eksamen.

Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studenten får tilbakemelding på arbeida sine. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Catherine McCann
Emnet inngår i følgande studieprogram
Engelsk 2 for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell 6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: