NO213 Bacheloroppgåve/individuell oppgåve i norsk (nordisk) litteratur

Emnekode: 
NO213
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

75 studiepoeng med fire grunnemne i norsk (nordisk), NO111S, NO112S, NO113S, NO114S, og minst eitt fordjupingsemne i norsk (nordisk) anten NO203 eller NO204, eller tilsvarande etter søknad. 

Om emnet

NO213 er konsentrert om ei bacheloroppgåve/individuell oppgåve på 10 000 - 12 000 ord. Studenten skal skrive oppgåva om eit avgrensa litterært emne. Val av emne skal godkjennast av rettleiar. 
Oppgåva kan vere del av norsk (nordisk) fordjupingsstudium eller bachelor i Språk og litteratur.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • grunnleggjande kunnskapar om forskingsmetode og aktuell teori
  • solide kunnskapar om den forfattarskapen det er arbeidd med i oppgåva
Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne fram til og nytte seg av aktuell teori og sekundærlitteratur
  • har grunnleggjande erfaring med litteraturvitskapleg framstilling 
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

NO213 er eit oppgåveemne der undervisninga består av individuell rettleiing frå faglærar. Rettleiinga kan skje ved oppmøte eller i Canvas.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Emnet har tre arbeidskrav:

1. I starten av semesteret skal studenten gjere avtale med rettleiar om emne og problemstilling for oppgåva.

2. Studenten levere eit utkast til oppgåva på om lag 2000 ord innan ein fastsett frist. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva. Ein har høve til å levere endå eit utkast til rettleiing innan ein fastsett frist. Den siste innleveringa er frivillig.  

3. Pensumliste: I tillegg til det verket han/ho skriv om, skal studenten leggje opp eit pensum på om lag 300 sider. Pensum skal vere eit supplement og ei utviding av perspektivet i høve til den sekundærlitteraturen som har stått mest sentralt i oppgåveskrivinga. Det kan innehalde litteraturteori, litteraturkritikk og litteraturhistorie. Pensumlista skal vere innlevert seinast to veker før munnleg eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
-
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Geir Petter Hjorthol
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Norsk fordjupingsstudium - nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
BacheloroppgåveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterStudenten vel fritt målform på oppgåva.Omfang: 10 000-12 000 ord.
Munnleg justerande eksamenIndividuell45minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.
Vurderinger:
Vurderingsform:Bacheloroppgåve
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:Omfang: 10 000-12 000 ord.
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:45
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Anne Øie