NO204 Litteratur og sjukdom

Emnekode: 
NO204
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO113S, NO114S  og anten NO111S eller NO112S, eller tilsvarande etter søknad.

Om emnet

I fordjupingsemnet Litteratur og sjukdom set ein fokus på sjukdom i eit litterært og kulturelt perspektiv. Pensum er sett saman av eit utval tekstar som tilsvarar sju litterære verk. Som motiv i desse tekstane møter vi kjende litterære sjukdomar som hysteri, melankoli, tuberkulose, kreft osb. I tillegg inneheld pensum eit utval teori og sekundærlitteratur som gir relevant bakgrunn for dei einskilde verka. Emnet kan, i lag med eit språkemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast separat, saman med eit anna litteraturemne (NO203: Livshistorier) eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om

  • korleis litterære tekstar nyttar sjukdomsmotiv til å reflektere over sentrale sider ved subjekt og samfunn
  • teori knytt til sjukdom i litterær og kulturell samanheng

 

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å

  • bruke desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
  • utforme analysar i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvsing i vitskapleg framstilling

 

Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar, individuell rettleiing og ei samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga.

Studenten skal velje eitt av følgjande verk som emne for semesteroppgåva:

Kjersti Annesdatter Skomsvold: Monstermenneske (2012)

Josefine Klougart: Én af os sover (2012)

Liv Költzow: Melding til alle reisende (2015)

Thorvald Steen: Vekten av snøkrystaller (2006)

Lars Amund Vaage: Utanfor institusjonen (2006)

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

1. I starten av semesteret skal studenten sjølv velje emne (sjå ovanfor om kva verk ein kan velje mellom) og formulere eit forslag til problemstilling, aktuell teori og sekundærlitteratur og gjerne ein grov disposisjon. Dette skal godkjennast av rettleiar.

2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva. Det er høve til å levere eit siste utkast for rettleiing innan ein fastsett frist. Denne innleveringa er frivillig.

3. Pensumliste skal vere innlevert seinast ti dagar før munnleg eksamen. Ein kan normalt ikkje leggje opp tekstar som har vore pensum ved tidlegare høgskule- og universitetsstudium.

4. Studenten skal delta på samlinga. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei oppgåve om eitt av pensumverka på om lag 2000 ord (5 sider).

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Anemari Neple
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Norsk fordjupingsstudium - nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Munnleg justerande eksamenIndividuell45minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100 Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:45
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar: Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Anne Øie