NO203 Livshistorier: biografi og roman

Emnekode: 
NO203
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO113S, NO114S  og anten NO111S eller NO112S, eller tilsvarande etter søknad.

Om emnet

NO203 er, saman med eit anna 200-emne (språk eller litteratur) ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast som frittståande emne eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur. I dette emnet tek vi for oss den livshistoriske forteljinga i vår tids fiksjon og sakprosa. Vi legg særleg vekt på verk som kryssar tradisjonelle sjangergrenser. 

Fellespensum 

  • eit utval nyare nordisk litteratur, tilsvarande sju litterære verk, som femner om biografiar, sjølvbiografiar og biografiske romanar 
  • eit utval moderne litteratur- og sjangerteori, litteraturkritikk og litteraturhistoriske tekstar

Individuelt pensum 

Eitt av følgjande verk som emne for semesteroppgåva: 

Åsa Linderborg: Mig äger ingen (2008)

Karl Ove Knausgård: Min kamp 1 (2009)

Kristian Lundberg: Yarden (2009)

Tomas Espedal: Imot naturen (2011)

Vigdis Hjort: Arv og miljø. (2016)

Deminan Vitanza: Dette livet eller det neste (2017)

I tillegg kjem teori og sekundærlitteratur som blir nytta i arbeidet med semesteroppgåva (svarar til litteraturlista). 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • sentrale trekk ved livshistoriske sjangrar
  • sentrale problemstillingar rundt fiksjon og forteljing i samband med biografi og roman
  • relevant tekst- og sjangerteori
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
  • kan formidle analysar med klart og argumenterande språk
  • kan utforme tekstar i samsvar med vitskaplege krav til kjeldetilvising
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og førelesingar på ei samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve, med individuell rettleiing. Studenten får tilbakemelding på framlegg til problemstilling og eitt utkast (sjå nedanfor, punkt 1 og 2).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Emnet har fire arbeidskrav:

  1. I starten av semesteret skal studenten velje emne og problemstilling for oppgåva. Emneval og problemstilling skal deretter godkjennast av faglærar.
  2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med semesteroppgåva.
  3. Pensumliste skal vere innlevert seinast éin månad før munnleg eksamen. Ein kan normalt ikkje leggje opp tekstar som har vore pensum ved tidlegare høgskule- og universitetsstudium.
  4. Studenten skal delta på samlinga. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei oppgåve på om lag 2000 ord om eitt av pensumverka.
Sensorordning
Minimumstal: 
-
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Geir Petter Hjorthol
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Norsk fordjupingsstudium - nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Munnleg justerande eksamenIndividuell45minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang: Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:45
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Anne Øie