DKL113N Leiing av digital skuleutvikling

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
DKL113N
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Digital kompetanse i læring, opne emne
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Samfunnet er i kontinuerleg endring og utvikling, og når samfunnet endrar seg får skulen nye oppgåver. Målet for skuleutvikling er å gjere skulen betre for elevane. Emnet gir lærarar, skuleleiarar, IKT-ansvarlege og andre som har sitt daglege virke i skuleorganisasjonar nye verkty for å løyse utfordringar. DKL113N har fokus på bruk av arbeidsmåtar og digitale verktøy i eit samfunns- og skuleutviklingsperspektiv. Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit halvårsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne. Studentane vil gjennom aktive og utforskande arbeidsmåtar bli utfordra på korleis og kvifor skulen bør drive utviklingsarbeid (inkludert bruk av IKT), og kva for faktorar som kan fremje eller hemme ei ønska skuleutvikling.

Læringsutbytte

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten         

  • har kunnskap om lærarar og skuleleiarar si rolle i endrings- og utviklingsprosessar·         
  • har kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar i skulen·         
  • har kunnskap om skulen som organisasjon, skulen som kulturell eining og kva for innverknad skulekulturen har på vilkåra for endring·         
  • har kunnskap om skulen og læraren sitt handlingsrom, og kvifor profesjonsautonomi er viktig for skuleutvikling.
Ferdigheiter

Studenten          

  • kan identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid·         
  • kan planlegge og rettleie i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar·
  • kan reflektere kring samanhengen mellom skulekultur og endrings- og utviklingsarbeid.         
  • kan reflektere over ein planlagt og gjennomført utviklingsprosess
Generell kompetanse

Studenten kan planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsprosessar i eigen organisasjon og eige klasserom. 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Nettbasert læringsarbeid.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.

Kva for arbeidskrav som ligg til grunn vil til ei kvar tid gå fram av gjeldande semesterplan

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Synnøve Moltudal
Studieavgift

Kr. 4000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
Digital kompetanse i læring, nettstudium 4x15, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuellsemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterStudenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn