MAT110-AVG Grunnleggande tallære, algebra og didaktikk

Emnekode: 
MAT110-AVG
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for alle som skal undervise matematikk i grunnskulen. Emnet utgjer dei første 15 studiepoenga i studia Matematikk 1 (1-7) og Matematikk 1 (5-10). I dette emnet er kjerneelementa «representasjon og kommunikasjon», «utforsking og problemløysing» og «abstraksjon og generalisering» sentrale. Kjerneelementa vert knytt til dei ulike kunnskapsområda i emnet:

  • tal og talforståing; rekneartane (aritmetikk), brøk, prosent, måling, algebra og likningar
  • læringsteoriar i matematikk
  • grunnleggjande ferdigheiter i matematikk
  • tverrfaglege tema
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til talforståing og rekning, algebra og generalisering og abstraksjon ved overgangen frå aritmetikk til algebra
  • kan relatere denne kunnskapen til kjerneelement og kompetansemål i grunnskulen
  • har kunnskap om grunnleggjande ferdigheiter i matematikkfaget
  • har kunnskap om bruk av tverrfaglege tema i matematikkfaget og andre fag
  • har kunnskap om ulike teoriar for læring, og om samanheng mellom læringssyn og fag- og kunnskapssyn
  • har kunnskap om matematikken si historiske utvikling, særskilt utviklinga av talomgrep og talsystem. 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og tilrettelegge undervisninga med varierte arbeidsformer, forankra i teori, læreplanen og eiga erfaring
  • har god representasjons- og kommunikasjonskompetanse i matematikkfaget og kan fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • har god utforskings- og problemløysingskompetanse og kan fremje slike ferdigheiter hos elevane
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein bevisst og sjølvstendig måte
  • har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag, kvardagslivet og samfunnet elles 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar vert lagt inn i Canvas, og ei digital plattform vert nytta til eventuelle møte med studentane utanom samlingane. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Arbeidsformene er prega av sjølvstendig arbeid med nettleksjonar, oppgåveløysing og drøfting av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap.

Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidkrav:

  • Studentane skal gjennomføre og levere to didaktiske innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Utprøving av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap vil inngå i ei eller fleire av oppgåvene. 
  • Ei skriftleg prøve. Prøva vert gjennomført på den andre obligatoriske samlinga.

Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Antje Meier
Studieavgift

Emnet har ei studieavgift på kr. 4000,-.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Matematikk 1 (1-7) - Videreutdanning for lærare (Nettbasert)
Matematikk 1 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust