MAT115-AVG Begynneropplæring, geometri, statistikk og sannsyn (1-7)

Emnekode: 
MAT115-AVG
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for alle som skal undervise i matematikk på stega 1-7 i grunnskulen. Kombinasjonen av emna MAT110-AVG og MAT115-AVG tilsvarar den obligatoriske matematikkdelen av grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. steget. For å nå måla om læringsutbytte for emnet vert mellom anna følgjande innhald vektlagt;

  • begynnaropplæring
  • semiotiske representasjonsformer
  • kommunikasjon og språket si rolle i matematikk
  • talforståing
  • statistikk; ulike diagram, mål for spreiing og mål for sentraltendens
  • sannsyn; sannsynsomgrepet, ulike sannsynsmodellar og kombinatorikk
  • geometri/måling; grunnleggjande figurar, kongruens og formlikskap, romfigurar og avbildingar og symmetri
  • funksjonar; funksjonsomgrepet og lineære funksjonar
  • matematikkvanskar og matematikkmestring
  • bruk av IKT i matematikk.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg talforståing, geometri og måling med vekt på begynnaropplæring.
  • har kunnskap i geometri, funksjonar, statistikk, kombinatorikk og sannsynsrekning, og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på barnesteget
  • har kunnskap om betydinga semiotiske representasjonsformer har i matematikk, og kva utfordringar som er knytt til overgangar mellom representasjonsformer
  • har kunnskap om språket si rolle for læring av matematikk, og har kunnskap om vanlege interaksjonsmønster og kommunikasjon knytt til matematikkundervisning
  • har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
  • har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald i barnehagen og på ungdomssteget, og om overgangane barnehage-skule og barnesteg-ungdomssteg
  • har kunnskap om eit breitt metoderepertoar for undervisning i matematikk. 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på barnesteget med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
  • kan bruke og vurdere kartleggingsprøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar for å tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov
  • kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
  • kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for mestring hos elevar med ulike typar matematikkvanskar. 
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettundervisninga vert gitt som nettleksjonar i Canvas supplert med noko undervisning i sanntid i Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av utforsking og problemløysing, støtta av oppgåveløysing og drøfting, førelesing og sjølvstudium. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga både på samlingane og på nettet. Tid for nettundervisninga vert gitt i semesterplanen. Dei obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane vert gitt i semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

  • Tre didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på 700-1000 ord. Ei av oppgåvene vil vere knytt til pedagogisk bruk av digitale verkty.
  • Ei skriftleg prøve på tre timar. Prøva vert gjennomført på den andre obligatoriske samlinga.

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Frode Opsvik
Studieavgift

Emnet har ei studieavgift på kr. 4000,-.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Matematikk 1 (1-7) - Videreutdanning for lærare (Nettbasert)
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell 30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Eksamen blir gjennomført i Volda.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:Eksamen blir gjennomført i Volda.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust