PPUY-PRA2 Praksis 2

Emnekode: 
PPUY-PRA2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årstrinn 8-13, deltid
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
PPUY-PRA1 Praksis 1
Om emnet

Praksisopplæringa skal gi studenten brei erfaring med ulike aktivitetar i yrkesfaglærarprofesjonen. Hovudtema for praksisopplæringa er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring. Gjennom deltaking, utforsking, observasjon og refleksjon skal studenten gradvis utvikle eigen yrkesfaglæraridentitet og profesjonskompetanse. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Ei tett kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i praksis, pedagogikk og fagdidaktikk i studiet skal bidra til at studenten utviklar teoretisk refleksjon over eigen praksis og forskingsbasert grunngjeving for profesjonsutøving. I andre studieår skal studenten gjennomføre ei tverrfagleg utviklingsoppgåve som skal kombinere pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis. 

Skulen i samfunnet, leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv, er hovudtema andre studieår.

Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Praksis andre studieår har eit omfang av 30 dagar, fordelt mellom 20 dagar i vidaregåande opplæring og ti dagar i ungdomstrinnet.

Praksisplanen byggjer på Nasjonale retningslinjer for Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 av 22. mars 2018, og Forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag for årssteg 8-13, fastsett 18. mars 2013.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifiasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :

Kunnskapar

Kandidaten:

har utvida kunnskap om yrkesfaglæraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa

har utvida kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i eige programområde

har kunnskap om læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar

har kunnskap om digitale verktøy i yrkesopplæringa og om entrepenørielle læreprosessar, nytenking, kreativitet og innovasjon

har kunnskap om læringsfellesskap og lærarens ansvar for kvaliteten på relasjonsbygging mellom elevar, lærarar og føresette

har kunnskap om skulen som organisasjon, samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar

Ferdigheiter

Kandidaten:

kan bruke eigen yrkeskompetanse, og planlegge, grunngje, leie og dokumentere relevant yrkesopplæring i tråd med arbeidslivets utviklings- og endringsbehov

kan leie læreprosessar som fremjar praktisk, differensiert og tilpassa opplæring, og tilpasse opplæringa til elevens/lærlingens interesser, behov og utdanningsplanar

kan bygge gode relasjonar med elevar, føresette, kollegaer og andre aktørar i skule og arbeidsliv, og involvere lokalt arbeids- og samfunnsliv i opplæringa

kan vurdere og bruke nye læringsformer som digitale verktøy opnar for, og forhalde seg kritisk til informasjonskjelder og digitale verktøy i opplæringa

kan legge til rette for entreprenørielle læreprosessar som opnar for nytenking, kreativitet og innovasjon 

Generell kompetanse

Kandidaten:

har utvikla eigen yrkesfaglæraridentitet som bidrag til profesjonsfellesskapet, samt kommunikasjons- og relasjonskompetanse som ivaretek profesjonsetiske verdiar i opplæringa

har endrings- og utviklingskompetanse som grunnlag for å møte framtidas kompetansebehov i skule, arbeids- og samfunnsliv

kan reflektere over grunnleggande etiske verdiar i yrkesopplæringa i skule, bedrift og verksemd

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studie- og praksisrute klargjer tidfesting av praksisperioden. Studenten skal samla gjennomføre praksis i 50 dagar i vidaregåande opplæring, og ti dagar i ungdomstrinnet. Gjennom studiet skal studenten ha minimum 15 dagar samanhengande blokkpraksis ved ein annan vidaregåande skule enn eigen arbeidsstad. I andre praksisemne skal studenten gjennomføre 20 dagar undervisningspraksis i vidaregåande opplæring og ti dagar i ungdomstrinnet. Praksis i ungdomstrinnet skal bidra til at studenten får erfaringsbasert kunnskap om overgangen mellom skulenivåa og bli betre rusta til å kjenne til og forstå elevmangfaldet. Vidare er yrkesfaglærarkompetansen relevant og nødvendig for fag som til dømes valfag og utdanningsval i ungdomstrinnet. 

Etter avtale kan inntil 15 dagar av praksis gjennomførast i utlandet.

I praksis skal studenten følgje skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksisemne 2, og dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utviklingsforum.

Praksisrettleiar ved skulen si hovudoppgåve er å legge til rette for studenten sin praksis, lage plan for praksisperioden saman med studenten og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt omfattar tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing har som føremål å medverke til at studenten utviklar eiga forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning er med på å utvikle studenten sin profesjonskompetanse. Studenten har ansvar for å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og å ta ansvar i rettleiinga. Studenten skal levere skriftleg plan for undervisningsøktene til praksisrettleiar, og eventuelt til faglærar og medstudent. Dette er utgangspunkt for rettleiing før og etter undervisning. Om lag halvvegs i praksisperioda skal praksisrettleiar og student gjennomføre ei midtvegsvurderingssamtale med utgangspunkt i læringsutbytte og vurderingskriterie for praksis.  

I sluttfasen av praksis skal praksisrettleiarog student gjennomføre ei avsluttande utviklingssamtale med utgangspunkt i praksislærar si formulering av ei invividuell skriftleg vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterie for praksisperioden. Studenten legg fram vurderingsrapporten frå første praksisperiode for praksislærar i andre undervisningspraksis.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til praksis.
 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Torstein Drabløs
Emnet inngår i følgande studieprogram
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årstrinn 8-13, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
PraksisIndividuell 1semesterStått eller ikkje ståttViser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8
Vurderinger:
Vurderingsform:Praksis
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust