PPU-PED1 Pedagogikk 1

Emnekode: 
PPU-PED1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke haust (PPU-PED1) og 15 stp. vert teke vår (PPU- PED2). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jmf. eigne emneplanar for ulike fag). 

Pedagogikkemnet PPU-PED1 (pedagogikk 1) er organisert i 4 modular. Desse er: 

  1. Lærarrolla
  2. Læring og motivasjon  
  3. Mangfald og inkludering
  4. Læringsleiing 

I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet. Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om: 

  • lærarprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringar.
  • teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring.
  • samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring.
  • sentrale styringsdokument for skulen si verksemd.
  • mangfaldet i elevgruppa sine lære- og utviklingsføresetnader.
  • ulike former for vurdering og samspelet mellom tilbakemelding og motivasjon.
  • leiing av elevar sine læringsprosessar og korleis ein kan fremje sjølvregulert læring.
  • observasjon som metode. 
Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • leie, rettleie og motivere elevar gjennom tilpassa opplæring.
  • bidra til å skape trygge, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø.
  • planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  • reflektere over og utvikle eigen praksis i møte med eleven sine føresetnader, interesser og behov med bakgrunn i ulike teoretiske perspektiv.
  • bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid.
  • identifisere særskilte behov hos barn og unge og identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. 
Generell kompetanse

Studenten: 

  • har kunnskap om sentrale problemstillingar i utdanningsforsking.
  • har kunnskap om lov- og planverk og innsikt i ulike profesjonsetiske utfordringar.
  • kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
  • har kunnskap om korleis byggje gode relasjonar til elevar og føresette.
  • har kunnskap om korleis ein i samarbeid med foreldre og PPT kan fremje tilpassa opplæring og inkludering.
  • har utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse og kan bidra til at barn og unge kan gjere seg nytte av digitale ressursar på ein etisk og læringsfremjande måte.  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

All undervisning går føre seg på campus i Volda. Undervisnings- og  arbeidsmåtane på studiet er ein kombinasjon av førelesningar, gruppearbeid, individuelt arbeid og munnleg og digital dialog/presentasjon i plenum. Sjølvstudium er ein viktig del av læringsarbeidet, og det er tilrådd jamt arbeid gjennom heile semesteret, der ein arbeider med undervisningstema både i for- og etterkant av førelesningar.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, arbeid i grupper, seminar og andre læringsaktivitetar på studiet. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga. 

Arbeidskrav:

Det er to (2) arbeidskrav på emnet. (1) Refleksjonsoppgåve knytt til praksis. Omfang: om lag 1500 ord. (2) Presentasjon av refleksjonsoppgåve for medstudentar og faglærar. Nærare retningslinjer for arbeidskrava vert gitt i undervisningsplan og oppgåvetekst. Begge arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen (Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda). Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i munnlege, skriftlege og digitale uttrykksformer. 

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Torbjørg Bakke
Emnet inngår i følgande studieprogram
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk. Alle Tilsvarande omlag 4000 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk.
Hjelpemidler: Alle
Omfang: Tilsvarande omlag 4000 ord.
Godkjent av: 
Arne Myklebust