PPUD-DID1KH Didaktikk 1 Kunst og handverk

Emnekode: 
PPUD-DID1KH
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det første emnet i didaktikk er, saman med dei første emna i pedagogikk og praksis organisert rundt modulane 1, 2, 5 og 6. 

Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om undervisningsfaget Kunst og handverk (KOH)/ Kunst, design, arkitektur (KDA) sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.  

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga. 

Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med undervisningskompetanse i fleire fag skal i så stor grad som mogleg utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har: 

  • kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, berekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd 
  • kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i aktuelle fag  
  • kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring  
  • kunnskap om aktuelle undervisningsfag sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen 
  • kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt  
  • kunnskap om korleis praktiske, digitale, skapande og estetiske læreprosessar kan påverke helse, trivsel og læring. 
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til aktuelle fag sin plass i skulen 
  • kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i aktuelle fag, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov  
  • kan bruke ulike metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking 
  • kan bruke digitale ressurser som er sentrale for aktuelle fag 
  • kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar 
  • kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
  • kan planlegge forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar knytt til aktuelt fag. 
Generell kompetanse

Kandidaten 

  • kan vise og utøve ei autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt  
  • kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis.  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga. Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6  

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere eit arbeid tilsvarande ca 2000 ord (det kan inngå ein praktisk del), knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.  

Del B) I tillegg skal alle studentar anten: 

Alternativ 1, for studentar med opptak i eitt undervisningsfag: Ha godkjent skisse for praksisretta prosjekt, med førebels litteraturliste.  

eller

Alternativ 2, for studentar med opptak i to undervisningsfag: Ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning knytt til sekundært fag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev. 

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Karen Brænne
Emnet inngår i følgande studieprogram
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterEksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk. Tilsvarande om lag 4000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk.
Hjelpemidler:
Omfang: Tilsvarande om lag 4000 ord
Godkjent av: 
Unni Hagen