PPUD-PRA2 Praksis 2

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
PPUD-PRA2
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Rapporteringsprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Forkunnskapskrav, emneliste
PPUD-PRA1 Praksis 1
Om emnet

Praksisopplæringa skal gi studenten brei erfaring med ulike aktivitetar i lærarprofesjonen. Hovudtema for praksisopplæringa er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring. Gjennom deltaking, utforsking, observasjon og refleksjon skal studenten gradvis utvikle eigen læraridentitet og profesjonskompetanse. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Ei tett kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i praksis, pedagogikk og fagdidaktikk i studiet skal bidra til at studenten utviklar teoretisk refleksjon over eigen praksis og forskingsbasert grunngjeving for profesjonsutøving. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det andre emnet i praksis er, saman med dei andre emna i pedagogikk og didaktikk organisert rundt modulane 3, 4, 7 og 8. 

Praksisplanen byggjer på Rammeplanen for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21. Desember 2015. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Praksis i første studieår er 30 dagar.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifiasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :

Kunnskapar

Kandidaten :

har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer 

har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid og skule-heim samarbeid

har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheitar og plikter og om lærararbeid på organisasjonsnivå

har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen

Ferdigheiter

Kandidaten:

kan variere og grunngje eit bredt utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven

kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid tilpassa ulike elevar, samt kunne justere arbeidsmåtane undervegs

kan handle i lag med elevar, føresette, kollegaer, skuleleiing og andre aktørar i skulen  

Generell kompetanse

Kandidaten:

kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking

kan initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i samarbeid med utdanningsinstitusjonen og praksisskulen

kan identifisere, handtere og førebyggje brot på normer og reglar

kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar  

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studie- og praksisrute klargjer tidfesting av praksisperioden. Studenten skal gjennom studiet ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Vanlegvis er praksisperioden i første studieår på ungdomstrinnet og praksisperioden i andre studieår i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. Første praksisperiode har eit omfang på 30 arbeidsdagar. Her inngår både observasjonspraksis og rettleia undervisningspraksis. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksis, og dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utviklingsforum.

Praksislærar/rettleiaren si hovudoppgåve er å legge til rette for studentens praksis, lage plan for praksisperioden saman med studenten og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt omfattar tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing har som føremål å medverke til at studenten utviklar eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning er med på å utvikle studenten sin profesjonskompetanse. Studenten har ansvar for å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og å ta ansvar i rettleiinga. Studenten skal levere skriftleg plan for undervisningsøkt til praksislærar, og eventuelt til faglærar og medstudent. Dette er utgangspunkt for rettleiing før og etter undervisning.Om lag halvvegs i praksisperioden gjennomfører praksisrettleiar og student ein midtvegsvurderingssamtale med utgangspunkt i læringsutbytte og vurderingskritere for praksis

Etter avslutta praksis skal praksisrettleiar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal legge sluttvurdering frå første praksisperiode fram for praksislærar i forkant av andre praksisperiode.

Studentar med tilsetjing i skulen kan få delar av praksis på eigen arbeidsplass. Normalt vert det gitt høve til dette i første studieår.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Torstein Drabløs
Emnet inngår i følgande studieprogram
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
PraksisIndividuell 1semesterStått eller ikkje ståttViser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8
Vurderinger:
Vurderingsform:Praksis
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust