PPUD-PED2 Pedagogikk 2

Emnekode: 
PPUD-PED2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
PPUD-PED1 Pedagogikk 1
Om emnet

Pedagogikk PPUD – PED2 består av 15 stp. og byggjer på emne PPUD - PED1 Innhaldet i dette emnet er strukturert i fire modular: 

  • Mangfald og inkludering
  • Læringsleiing 
  • Sosialisering og oppvekst
  • Skulen og samfunnet   

I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet. Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om: 

  • samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring  
  • sentrale styringsdokument for skulen si verksemd   
  • mangfaldet i elevgruppa sine lære- og utviklingsføresetnader  
  • leiing av elevar sine læringsprosessar og korleis ein kan fremje sjølvregulert læring 
  • kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket. 
  • barne- og ungdomskultur, og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og flerkulturelle kontekstar, herunder samisk kultur.
  • nasjonalt (og internasjonalt) forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen 
  • skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringslaupet 
  • faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring 
  • lov og planverk med relevans for skulen 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne: 

  • orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen. 
  • bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skulen. 
  • kunne arbeide proaktivt og systematisk med å byggje læringsmiljøet 
  • bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.  
Generell kompetanse

Studenten kan: 

  • analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule-, arbeids- og samfunnsliv 
  • bidra til analyse og diskusjon av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar i utvikling av demokratiske samfunn, lokalt og globalt. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert gjennom samlingar lagt til enten Volda, Ålesund eller Molde. Undervisnings- og arbeidmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesningar, gruppearbeid, individuelt arbeid og munnleg og digital dialog/presentasjon i plenum. Sjølvstudium er ein viktig del av læringsarbeidet, og det er tilrådd jamt arbeid gjennom heile semesteret, der ein arbeider med undervisningstema både i for- og etterkant av førelesningar.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Ein viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga, der det står at ein krev 80% frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning i eit emne. Fråvær utover 20 % kan såleis medføre tap av eksamensrett . Det er studenten sitt eige ansvar å halde seg oppdatert om fråveret. Det er viktig å merke seg at denne orienteringa vert rekna som tilstrekkeleg varsel om at enkeltvedtak kan bli fatta om tap av eksamensrett.  

Arbeidskrav:

  1. Prosjektplan knytt til semesteroppgåve.
  2. Presentasjon av semesteroppgåve. 

Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend. Alle arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i munnlege, skriftlege og digitale uttrykksformer.   

For å kunne gå opp til eksamen må PPUD-PRA1 og PPUD-PRA2 vere fullført og bestått.  

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Stein Conradsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter Semesteroppgåve. Eit tverrfagleg utvilingsprosjekt. Studenten vel sjølv problemstilling for oppgåva. 4000 ord (+/- 10%)
Munnleg justerande eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter100%
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: Semesteroppgåve. Eit tverrfagleg utvilingsprosjekt. Studenten vel sjølv problemstilling for oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang: 4000 ord (+/- 10%)
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust