NO114S Tekst og kultur

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
NO114S
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Norsk (nordisk) årsstudium
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Tekstutvalet i Tekst og kultur (NO114S) gir eit bilete av den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:

TP1: Førmoderne litteratur (før 1800)
TP2: Litteratur og modernitet (1800-tallet)
TP3: Samtidslitteratur

Tekst og kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk, som del av studieprogrammet Bachelor i språk og litteratur, eller som fritt emne i andre bachelorløp. Det litterære basisemnet i årsstudiet er Tekst og struktur (NO113S). Ein rår studentane til å ta dette før Tekst og kultur (NO114S). Dersom ein startar litteraturstudiet med Tekst og kultur (NO114S), bør ein ha skaffa seg naudsynte basiskunnskapar i litteraturhistorie og sjangerlære på førehand (sjå pensum for Tekst og struktur - NO113S).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har grunnleggande kunnskap om

  • litteratur som historisk og estetisk fenomen
  • sentrale sider ved forholdet mellom tekst, subjekt og samfunn i ulike periodar  
Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere tekstar i samsvar med grunnleggande litteraturfaglege krav
  • kan formidle analysen i ein tekst med klart og argumenterande språk
  • kan utforme teksten i samsvar med elementære krav til kjeldetilvising
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag, i tillegg til ei oppsummeringssamling på éin dag.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 2000 ord innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Godkjenningsoppgåva skal skrivast på bokmål.

Sensorordning
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Geir Petter Hjorthol
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Norsk (nordisk) årsstudium
Norsk (nordisk) årsstudium - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamenIndividuell2timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter1/3Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skal skrivast på bokmål.
HeimeeksamenIndividuell7DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter2/3Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skal skrivast på bokmål.
Svaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.
Vurderinger:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:2
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:1/3
Kommentar:Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skal skrivast på bokmål.
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:7
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:2/3
Kommentar:Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skal skrivast på bokmål.
Hjelpemidler:
Omfang:Svaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.