NO112S Språket som kultur

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
NO112S
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Norsk (nordisk) årsstudium
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Språket som kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk) og som del av bachelorprogrammet Språk litteratur.

Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:

  • TP1: Talemål og sosiolingvistikk
  • TP2: Skriftkultur og språkhistorie
  • TP3: Tekstteori og pragmatikk 
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har grunnleggjande kunnskap om

  • norsk (nordisk) språk i fortid og notid
  • språkbruk (pragmatikk) og språkleg (sosial, geografisk og individuell) variasjon
  • historiske og sosiale språkendringar
Ferdigheiter

Studenten er i stand til å forstå og analysere språk og tekstar i sosial, kulturell og historisk kontekst.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
  • har solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
  • har ei første innsikt i vitskapleg metode
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag, i tillegg til ei oppsummeringssamling på éin dag.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 1800 ord innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Godkjenningsoppgåva skal skrivast på nynorsk.

Sensorordning
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Stig Jarle Helset
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Norsk (nordisk) årsstudium
Norsk (nordisk) årsstudium - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamenIndividuell 2timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 1/3Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på nynorsk.
HeimeeksamenIndividuell7DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 2/3Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på nynorsk.
Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.
Vurderinger:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 2
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 1/3
Kommentar:Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på nynorsk.
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:7
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 2/3
Kommentar:Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på nynorsk.
Hjelpemidler:
Omfang:Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.