NO111S Språket som struktur

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
NO111S
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Rapporteringsprogram: 
Norsk (nordisk) årsstudium
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkstruktur og språkanalyse. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:

TP1: Morfologi og semantikk

TP2: Syntaks

TP3: Fonetikk og fonologi

Språket som struktur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur og som fritt emne i andre bachelorløp.Språket som struktur er eit basisemne i Norsk (Nordisk) årsstudium og bør takast som første språkemne i årsstudiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har grunnleggande kunnskap om

- norsk (nordisk) språk

- språkstruktur og grammatikk

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å forstå og analysere språkets lydlege og grammatiske strukturar.

Generell kompetanse

Studenten

- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving

- har solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål

- har ei første innsikt i vitskapleg metode

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag, i tillegg til ei oppsummeringssamling på éin dag.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 1800 ord innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Godkjenningsoppgåva skal skrivast på bokmål.

Sensorordning
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Tor Arne Haugen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Norsk (nordisk) årsstudium
Norsk (nordisk) årsstudium - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamenIndividuell2timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter1/3 Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på bokmål.
HeimeeksamenIndividuell7DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter2/3Digital eksamen. Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på bokmål.
Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.
Vurderinger:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:2
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:1/3
Kommentar: Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på bokmål.
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:7
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:2/3
Kommentar:Digital eksamen. Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på bokmål.
Hjelpemidler:
Omfang:Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.