ENG1B-510KFK Engelsk 1B (5-10)

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
ENG1B-510KFK
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Engelsk 2 for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er andre del av studiet Engelsk 1 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språklæring og fagdidaktikk, og introduserer eit rikt utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet omfattar kunnskap om fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga munnleg språkferdigheit. Studenten får vidare kjennskap til moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå fleire deler av den engelskspråklege verda. Emnet legg vekt på ulike litterære forteljemåtar og litterær analyse. Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. årssteg står sentralt. I tillegg gir emnet innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar. Deltaking på studium innan Kompetanse for Kvalitet-programmet vil også innebere kunnskapsdeling med kollegaer.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om lydsystem i engelsk med vekt på skilnader og likskapar mellom engelsk og norsk
  • har kjennskap til det europeiske rammeverket for språk
  • har kjennskap til eit vidt spekter av lærebøker og andre læringsressursar som kan brukast i opplæringa
  • har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverkty
  • har kunnskap om ulike læringsarenaer, til dømes digitale media, i opplæring for barn og unge
  • har kunnskap om vurderingsverkty og vurderingsformer som fremjar språkutvikling
  • vidareutviklar kunnskap om kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda.
  • kjenner eit utval tekstar, inkludert ungdomslitteratur, og har kunnskap om narrative strukturar og forteljemåtar 
Ferdigheiter

Studenten kan

  • kommunisere på engelsk tilpassa ulike mottakargruppe og stilnivå
  • bruke normer for akademisk skriving
  • identifisere lydmessige ulikskapar mellom engelsk og norsk
  • bruke kunnskap om engelske lydsystem til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
  • bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert i høve til gjeldande fagplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
  • kritisk vurdere og bruke eigna lærebøker og andre læremiddel
  • aktivt gjere nytte av dei erfaringane elevane har med engelsk
  • bruke digitale læringskjelder og verkty på ein kritisk måte i eiga kunnskapsutvikling og i pedagogisk arbeid med elevar
  • gjere greie for kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda
  • analysere litterære forteljemåtar og bruke presis terminologi, og kan leggje til rette for elevane sitt arbeid med litterære tekstar
  • leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturuttrykk i ulike engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur  
Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytt til elevane si læring og utvikling i engelskfaget
  • nytte kjelder etisk og kritisk 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda.  Det er obligatorisk oppmøte. Studentar som ikkje er praktiserande lærarar med engelsk på timeplanen må ha/skaffe seg tilgang til ei elevgruppe på høveleg aldersnivå for å prøve ut undervisningsopplegg. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte på samlingane. 

Arbeidskrav:

Studenten skal gjennomføre:

  • Eitt skriftleg og munnleg (lydfiler) arbeidskrav i språk (ordtal ikkje relevant)
  • Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk (1500 ord)
  • Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur (1500 ord)

Eitt eller fleire av arbeidskrava vil innebere ein prosess med kunnskapsdeling innan studenten sitt kollegamiljø. Eitt av arbeidskrava skal innebere bruk av profesjonsfagleg digital kompetanse. Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studenten får tilbakemelding på arbeida sine. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Siri Vevle
Emnet inngår i følgande studieprogram
Engelsk 1 for 5. -10. årstrinn. Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell--A-F, der A er best og E er siste ståkarakterMappa skal innehalde bearbeidde utgåver av arbeidskrava i didaktikk og kultur, ein språkdel (inkludert lydfiler), og ein refleksjonstekst som også dokumenterer kunnskapsdeling med kollegaer. Eksamen vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.

Om lag 5000 ord, +/- 10%

Munnleg justerande eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Eksamen vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.Mappa
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:-
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Mappa skal innehalde bearbeidde utgåver av arbeidskrava i didaktikk og kultur, ein språkdel (inkludert lydfiler), og ein refleksjonstekst som også dokumenterer kunnskapsdeling med kollegaer. Eksamen vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.

Hjelpemidler:
Omfang:Om lag 5000 ord, +/- 10%

Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:Eksamen vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Hjelpemidler:Mappa
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust