MAT128-KFK Matematisk utforsking, argumentasjon og bevis (5–10)

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MAT128-KFK
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Matematikk 2 for 5.-10. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er andre del av vidareutdanningsstudiet Matematikk 2 (5–10), og er reservert for lærarar som er tekne opp gjennom satsinga Kompetanse for kvalitet. Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. årssteg. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule.

Innhaldet er ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.

Tema i emnet er mellom anna matematiske bevis, argumentasjon, utforsking i matematikk, matematisk teoridanning med døme henta frå mellom anna geometri, talteori og  matematisk analyse.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar, til dømes innan geometri,
    trigonometri, algebra, talteori og matematisk analyse.
  • har kunnskap i matematisk analyse og talteori, og kan relatere disse omgrepa til det matematikkfaglege innhaldet i trinn 5-10.
  • har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen, og om korleis ein kan legge til rette slik at elever kan ta del i denne.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen.
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring.
  • kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar.
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar vert lagt ut i Canvas, og Adobe Connect vert nytta til eventuelle møte med studentane utanom samlingane. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av utforsking og problemløysing, støtta av oppgåveløysing og drøfting, førelesing og sjølvstudium. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga både på samlingane og på nettet. Tid for nettundervisninga vert gitt i semesterplanen.

Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

Studentane skal gjennomføre og levere tre innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presisert og tidfesta i semesterplanen. Pedagogisk bruk av digitale verkty og utprøving av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap vil inngå i ei eller fleire av oppgåvene. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvar av dei tre innleveringsoppgåvene.

Sensorordning
Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Oda Heidi Bolstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
Matematikk 2 for 5.-10. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Kalkulator og to handskrevne A4-sider med eigne notat.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:Kalkulator og to handskrevne A4-sider med eigne notat.
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust