MAT130-KFK Matematikkdidaktikk

Emnekode: 
MAT130-KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Matematikk 2 for 5.-10. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er første del av vidareutdanningsstudiet Matematikk 2 (5–10), og er reservert for lærarar som er tekne opp gjennom satsinga Kompetanse for kvalitet. Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar i grunnskulen. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanningane, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1. Tema i emnet er mellom anna matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematikkvanskar og tilpassing av undervisning.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Studenten

  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevars læring i grunnskulen
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen
  • har kjennskap til kvantitative og kvalitative metodar som er relevante i matematikkdidaktisk forsking
Ferdigheiter

 Studenten

  • kan formidle spesialkunnskap i eit utvalt matematikkdidaktisk og/eller matematikkfagleg emne relevant for 5.–10. steg
  • kan bruke kvantitative og/eller kvalitative forskingsmetodar til å gjennomføre matematikkdidaktiske undersøkingar
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring.
Generell kompetanse

 Studenten

  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect (undervisning i sanntid). Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer. Det vert lagt vekt på at studentane skal bli kjende med matematikkdidaktisk forsking både gjennom teoripresentasjon og gjennom eige arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga både på samlingane og på nettet. Tid for nettundervisninga vert gitt i semesterplanen.

Dei to obligatoriske samlingane er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Innlevering av sjølvvalt pensum på minimum 50 sider.

Presentasjon av ein fagartikkel for medstudentar og lærar gjennomført på andre obligatoriske samling.

Presentasjon av ein fagartikkel for kollegaer på skulen ein arbeider, og eit refleksjonsnotat i etterkant av presentasjonen.

Innlevering av sjølvvalt problemstilling og korleis ein kan gå fram for å kunne svare på denne.

Innlevering av eit skriftleg førsteutkast på semesteroppgåva.

Presentasjon av semesteroppgåva munnleg på Adobe Connect for medstudentar og lærar.

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.

Sensorordning
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Hilde Opsal
Emnet inngår i følgande studieprogram
Matematikk 2 for 5.-10. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 1003800 - 4500 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:3800 - 4500 ord.
Godkjent av: 
Arne Myklebust