IKF104 Motorisk læring

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IKF104
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ei innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller trenar innan idretten, og gir ei  grunnleggjande innføring i fagområdet motorikk, grunnleggjande innføring i observasjon og analyse av barn sin motorikk i ulike rørslemiljø.

Ein vil også rette fokus på betydinga av allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i aktivitetane symjing, sjølvberging, livberging, leik, utvalde ballspel og alternative aktivitetar.

Læringsutbytte
  • I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar

 Studenten: 

  • har kunnskap om leik og sansemotorikk som grunnlag for fysisk aktivitet hjå barn og unge 

  • har kunnskap om allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si totale utvikling og framtidige deltaking i leik, aktivitet og friluftsliv i skule og fritid 

  • har kunnskap om korleis ein kan observere og analysere rørsleaktiviteten til barn i ulike rørslemijø 

  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge 

  • han kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling 

  • har kunnskap om kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barne- og ungdomskultur 

  • har kunnskap om bruk av digital teknologi i idrett og kroppsøving som motivasjon for læring
  • har kunnskap om symjeopplæring, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen

  • har kunnskap om reglar og speleprinsipp i utvalde ballspel/aktivitetar

  • har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar 

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk, leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt 

  • kan utvikle og utforske eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar som ballspel, symjing og livberging med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon 

  • kan gi opplæring i symjing, sjølvberging, livreddande førstehjelp, livberging i vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen

  • kan utføre livbergande førstehjelp og sjøvbergingberging i vatn

  • kan gi opplæring om reglar og speleprinsipp i utvalde og alternative ballspel/aktivitetar

  • kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø

  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analytisk vurdere og kommunisere om rørsleaktivitetar og ulike rørslemiljø 

  • kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i kroppsøving og idrett

  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar/idrettslærar 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning vil i hovudsak foregå i basseng, ute, i nærmiljø, i sal og på stadion.  

Ved digital undervisning i zoom vert det stilt krav om aktiv deltaking.

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. 

 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Motorisk læring 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 2: Symjing, sjølvberging og livberging

Kurs 3: Leik, utvalde ballspel og alternative aktivitetar

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2.

Kurs 3: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

  • Kurs 1: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av ulike rørslemiljø. Skriftleg innlevering i grupper. Omfang på rapport: ca. 1500 ord. 

  • Kurs 1: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av barn/ungdom i leik og fysisk aktivitet. Presentasjon i grupper.

  • Godkjent arbeidskrav/innlevering i kurs 2 og 3. 

  • Godkjent livbergingsprøve i basseng.

  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

200 kr

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Idrett og kroppsøving årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100 %Kurs 1: Motorisk læring Maksimalt 1500 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100 %
Kommentar:Kurs 1: Motorisk læring
Hjelpemidler:
Omfang: Maksimalt 1500 ord.
Godkjent av: 
Unni Hagen