IKF103 Undervisningslære

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IKF103
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ei grunnleggjande innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller trenar innan idretten. Undervisningslæra bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming.

Studenten får prøve seg på ulike aktivitetsformer og variert undervisning, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring og meistring, positiv sjølvforståing og rørsleglede for barn og unge med ulike føresetnader.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid gjennom kroppsleg læring- og erfaring, arbeid med relevante didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

 Studenten: 

  • har grunnleggjande kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag 
  • har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse, gjennomføre og evaluere praktisk undervising
  • har kunnskap om kva som kan fremje rørsleglede for ulike individ/målgrupper på ulike nivå og med ulike føresetnader
  • har grunnleggjande kunnskap om omgrepet fair play og respekt for andre i tilknytning til idrett og kroppsøving
  • har grunnleggjande kunnskap om klasse- og gruppeleiing 
  • har kunnskap om grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for barn og ungdom med ulike føresetnader og funksjonsnedsettingar
  • har fagkunnskap og didaktisk erfaring- og kunnskap knytt til å leie instruksjon/undervisning i dans, ski, friluftsliv og fysisk aktivitet 
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i kroppsøving og idrett ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer
  • kan vurdere barn og ungdom/eleven si kroppslege utvikling og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring 
  • kan utvikle og utforske eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar som dans, ski, friluftsliv og fysisk aktivitet med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon 
  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt 
  • kan inkludere dei grunnleggjande dugleikane i undervisninga på faget sine premissar
  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 
Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan drøfte på kva måte kroppsøving bidreg til eleven si allmenndanning 
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving, organisert idrett, kroppsleg læring og tilrettelagt undervisning 
  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, nettbasert læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i dans, ski, friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsettingar vil foregå i sal, ute, i nærmiljøet og andre eigna områder (avhengig av snøtilhøve).  

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane.

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Undervisningslære

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 2: Dans 

Kurs 3: Ski 

Kurs 4: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsettingar 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2. 

Krav om 100 % deltaking i kurs 3 og 4. 

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

  • Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: 800-1000 ord 

  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs.  

  • Godkjente eigentreningar med framføringar i kurs 2. 

  • Individuelt skriftleg refleksjonsnotat knytt til praksis vedrørande friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar. Omfang: ca. 1000 ord. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

200 kr

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Idrett og kroppsøving årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamenIndividuell3timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100 %Kurs 1: Undervisningslære
Annen vurderingsform, definer i kommentarfeltIndividuell5DagarStått eller ikkje ståttKurs 3: Ski
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfeltIndividuell5DagarStått eller ikkje ståttKurs 4: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar.
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking.
Vurderinger:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100 %
Kommentar:Kurs 1: Undervisningslære
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Kurs 3: Ski
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking.
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Kurs 4: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar.
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Catarina Andersson