IKF102 Idrett og samfunn

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IKF102
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i temaet idrett og samfunn.

Denne delen omhandlar samfunnsmessige problemstillingar retta mot den organsierte barne- og ungdomsidretten.

Hovudtemaet for kurset er idrettshistorie, idrettssosiologi, sjølvoppfatning i idrett, psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper. 

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i orientering, friidrett, kystfriluftsliv, leik og idrettsaktivitetar.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Studenten: ​

  • har innsikt i idretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat  
  • har innsikt i tema sjølvoppfatning og idrett 
  • har grunnleggjande kunnskap om psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper
  • har innsikt i relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet 
  • har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk 
  • har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å leie instruksjon i orientering, friidrett, kystfriluftsliv, leik, idrettsaktivitetar og tidsaktuelle rørsleformer
  • har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar 
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan sjå på idretten i samfunnet frå eit større samfunnsperspektiv 
  • kan reflektere over idrettshistoriske og idrettssosiologiske problemstillingar 
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsleg læring som er relevante i den organiserte idretten 
  • har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
  • kan ta seg fram og leggje til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass
  • kan bruke digitale verktøy i orienteringa både i terrenget og i undervisninga
  • kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø 
  • kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader 
  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 
Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan trekke hovudlinjene i norsk idrettshistorie frå ca. år 1000 og fram til i dag 
  • kan gjere greie for idrett som idrettssosiologisk fenomen 
  • kan reflektere over idretten sin plass i samfunnet
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til organisert idrett og kroppsleg læring 
  • kan reflektere- og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i orientering, leik og idrettsaktivitetar, friidrett og kystfrilufliv
  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet 
  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvings/idrettslærar  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, nettbasert læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i orientering, friidrett, leik og idrettaktivitetar vil foregå i sal, ute, på treningssenter og eigna områder i nærområdet. Undervisning i kystfriluftsliv vert gjennomført på basen vår på Yksnøya.   

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. 

 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Idrett og samfunn 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 2: Orientering 

Kurs 3: Leik og idrettsaktivitetar 

Kurs 4: Friidrett 

Kurs 5: Kystfriluftsliv 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80% oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 4 

Krav om 100% deltaking i kurs 5 

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

 

Arbeidskrav:

  • Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: 800-1000 ord 

  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs  

  • Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 2, 3 og 4. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

200 kr

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Idrett og kroppsøving årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell20-25minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100 %Kurs 1: Idrett og samfunn
Annen vurderingsform, definer i kommentarfeltIndividuell3DagarStått eller ikkje ståttKurs 5: Kystfriluftsliv.
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:20-25
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100 %
Kommentar:Kurs 1: Idrett og samfunn
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Kurs 5: Kystfriluftsliv.
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Aud Folkestad