IKF101 Treningslære

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
IKF101
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i treningslære og bevegelseslære, og studenten skal tileigne seg kunnskap og erfaring om og med undervisning i ulike rørslemiljø.

Hovudtema er å lære om treningsmetoder, treningsprinsipp, basisdugleikar om korleis fysiologiske mekanismar gjer kroppen i stand til å skape kraft og rørsle, ergonomi, fysisk aktivitet, helse og livsstil. 

Dette skal gi godt grunnlag for rettleiing i fysisk aktivitet, kroppsøving og idrett.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i praktisk treningslære, turn og generell koordinasjon. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten: 

  • har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader 

  • har kunnskap om bruk av test- og registreringsutstyr 

  • har kunnskap om idrettsskadar 

  • har kunnskap om grunnleggjande anatomi med tanke på fysisk utfalding 

  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar 

  • har kunnskap om grunnleggjande ergonomi  

  • har kunnskap om basisdugleikar som er relevant til kroppsøving og idrett 

  • har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å leie instruksjon i turn og generell koordinasjon 

  • har kunnskap og erfaring med å planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar 

Ferdigheiter

Studenten:  

  • kan bruke faget til å gi treningsråd til personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader 

  • kan anvende sentrale treningsmetodar og treningsprinsipp og vise korleis desse kan brukast på ulike nivå innan kroppsøving og idrett 

  • forstår samanhengen melom muskel og skjelett i rørsle 

  • har grunnleggjande forståing for biomekaniske prinsipp 

  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 

  • kan planleggje leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader 

 

Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan vurdere grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn, unge og vaksne 

  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til treningslære og bevegelseslære som er relevante i kroppsøving og innan idretten 

  • kan kommunisere om grunnleggande anatomi og bevegelseslære 

  • kan forstå samanhengen mellom anatomiske og mekaniske element som grunnlag for å vurdere og rettleie elev/utøvar i praktiske aktiviteter 

  • kan reflektere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i turn og generell koordinasjon 

  • kan tilrettelegge for eit variert og stimulerende rørslemiljø i skule og innan idretten 

  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet 

  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøving/idrettslærar  

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, nettbasert læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i turn, grunnleggjande koordinasjon og praktisk treningslære vil foregå i sal, på styrkerom, i testlaboratorium og på Høgskulen sitt uteområde eller i nærmijøet.  

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. 

 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Treningslære 

Kurs 2: Bevegelseslære 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 3: Praktisk treningslære 

Kurs 4: Turn og generell koordinasjon 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80% oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 4.

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs 

- Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 4. 

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

200 kr 

 

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i idrett og kroppsøving
Idrett og kroppsøving årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamenIndividuell3timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter60 %Kurs 1: Treningslære
Digital eksamenIndividuell3timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter40 %Kurs 2: Bevegelseslære
Vurderinger:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:60 %
Kommentar:Kurs 1: Treningslære
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:40 %
Kommentar:Kurs 2: Bevegelseslære
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Aud Folkestad